– Masse varme og sjel i stemma di

Alexa gjekk vidare i Idol

Skjermfoto frå TV2 si sending i kveld. 

Skjermfoto frå TV2 si sending i kveld. 

Alle dommarane sa ja til Alexa. Skjermfoto frå TV2 si sending i kveld. 

Skjermfoto frå TV2 si sending i kveld. 

Nyhende

Alexa Valentina (18) frå Nordfjordeid var ein av deltakarane i dagens Idol på TV2. På audition i Trondheim stilte ho med Robyn-låta «Dancing On My Own». Dommarpanelet  bestod  av artistmanagerane Gunnar Greve og Silje Larsen Borgan, samt Madcon-stjerna Tshawe Baqwa.

– Eg elsker det, var den umiddelbare kommentaren frå Gunnar Greve, og også dei to andre var begeistra.

–  Masse varme og sjel i stemma di. Det var ein god opplevelse, var meldinga til Alexa frå Silje Larsen Borgan.

Dei sende songtalentet frå Heggjabygda i Eid vidare til Oslo.