– Det har blitt jobba hardt for å halde Nordfjordeid sentrum samla

–Vil kunne få store konsekvensar

– Både den nystarta Amfi og Eidsgata vil lide sterkt om dette skjer, fryktar Nordfjordeid Senter AS. Dei har klaga på vedtak i TSU om rammeløyve- butikk og storbilparkering i Eid Næringspark. Dei ber politikarane om å gjere om på vedtaket.

SA JA: Teknisk- og samfunnsutval (TSU) i Eid sa nyleg ja til Retail Eigedom AS om rammeløyve for butikk, tankanlegg/fyllestasjon og storbilparkering i Eid Næringspark. No har Nordfjordeid Senter AS klaga på vedtaket. Vedtaket i TSU var samrøystes og i tråd med rådmannen si innstilling i saka.  Foto: Anna Wuttudal

Ein har med eit lite gjennomtenkt pennestrøk splitta sentrums og dei handelsfunksjonane ein sårt treng her

Nyhende

Nordfjordeid Senter viser i sin klage til at kommunen tidlegare har jobba hardt med utbygging og samling av detaljhandel i sentrum gjennom utfylling og utbygging av sjøkanten. Amfi og Biltema vart plassert der nettopp for å bevare den allereie eksisterande sentrumskjernen, Eidsgata og Moengården.