Kommunesjef Kari Krogh:

– Vi kommenterer ikkje personalsaker i media

– Vi ønskjer ikkje å kommentere saka sidan dette er ei personalsak, men vil presisere at dette ikkje er noko oppseiingssak.

Ingen kommentar: Kommunesjef Kari Krogh ønskjer ikkje å svare på Fjordabladet sine spørsmål om kommunen si behandling av Willy Røysen, Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det var svaret Fjordabladet fekk etter å ha stilt ei rekkje spørsmål til kommuneleiinga om behandlinga av Willy Røysen. (Sjå sak på føregåande sider). Bakgrunnen for at Fjordabladet tok tak i denne saka har samanheng med at det er sett fram påstandar mot Willy Røysen som etter hans syn er usanne og ikkje dokumenterte. Fjordabladet føler at det er rett å fortelje våre lesarar kva spørsmål vi stilte til leiinga i Eid kommune i jakta på sanninga.