– Heller lukka anlegg

Torstein Gjerde protestere imot etablering av oppdrettslokalitet i Hundvika Aust i Eid kommune, slik Nordfjord Forsøksstasjon AS og Nordfjord Laks AS har søkt om.

IKKJE OPE: Laksefiskar Torstein Gjerde frå Ulsteinvik tilrår godkjenning av lokaliteten i Hundvik, men då under føresetnad av at dei etablerer lokaliteten med lukka anlegg. Foto: Privat  Foto: Privat

Nyhende

 

Gjerde er frå Ulsteinvik og har vore laksefiskar i Eidselva og heile Nordfjord gjennom 25 år. Han tek til orde for at ein heller bør satse på eit lukka oppdrettsanlegg.