Underteikna avtale om innovasjon og verdiskaping

Fylkeskommunen underteikna onsdag ein regional samarbeidsavtale med Innovasjon Norge, Norges Forskingsråd og Siva. Målet er mellom anna å styrke klyngesamarbeid og kompetansemiljø i fylket.

Frå venstre: Kristine Kopperud Timberlid, Innovasjon Norge Vestlandet, Philip Lorentzen, Norges Forskingsråd, Mette Rønning, Siva og Jan Heggheim, Sogn og Fjordane fylkeskommune underteikna onsdag ein regional samarbeidsavtale.   Foto: Næringsforum

Nyhende

– Innovasjon Norge, Forskingsrådet, Siva og fylkeskommunen har kvar for seg teke ansvar i Sogn og Fjordane. Ei formalisering av samarbeidet er eit steg på vegen mot endå betre resultat med tanke på nye arbeidsplassar og kompetente medarbeidarar, seier Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune og leiar for Næringsforum.

Klyngeutvikling

Innovasjon Norge, Norges Forskingsråd og Siva har i dag nasjonale samarbeidsavtalar. Dette vert no følgt opp av regionale avtalar, der også fylkeskommunane er med. I dei regionale avtalane er det føresett at fylkeskommunen tek leiinga, særleg med tanke på å koordinere den samla aktiviteten med regionale planar for verdiskaping.

Tiltaka i avtalen er føresett å vere nokså konkrete, i Sogn og Fjordane første og fremst knytt til klyngeutvikling og test- og laboratoriefasilitetar for næringslivet.

Breitt samarbeid

I Sogn og Fjordane er det Næringsforum som styrer oppfølginga av Regional plan for verdiskaping. Dei hadde møte i Førde 5. september, og underteikninga av den regionale avtalen gjekk føre seg der.

Medlemmene i Næringsforum er fylkeskommunen, Innovasjon Norge, KS rådmannsutvalet, Høgskulen på Vestlandet, NAV, NHO, LO, Fiskeridirektoratet Region Vest, Fylkesmannen.