Skiftande skydekke for vestlandsøkonomien

Oljenæringa er framleis i førarsetet når det gjeld investeringar på Vestlandet og er òg den sektoren som melder om størst behov for nye tilsetjingar det neste halvåret. Det kjem fram i Vestlandsindeks 3/18.

Konserndirektør i Sparebanken Vest, Ragnhild Janbu Fresvik.  Foto: Studio 1 Fotografene

Nyhende

Vestlandsindeks 3/18 er ei undersøking blant 700 føretaksleiarar på Vestlandet utarbeidd av Sparebanken Vest i samarbeid med Respons Analyse. Indeksen går frå 0 til 100 . Eit tal over 50 indikerer eit positivt syn på den økonomiske situasjonen og utviklinga, medan eit tal under 50 indikerer pessimisme. For tredje kvartal 2018 viser Vestlandindeks ein resultatindeks på 62,6 og ein forventningsindeks på 66,1. Tilsvarande tal for tredje kvartal 2017 var 61,5 og 64,6.

Resultat- og forventningsindeksen går begge noko tilbake etter dei kraftige oppsvinga til førre kvartal. Men trass i nedgangen i tredje kvartal, er trenden enno positiv for året. Nivået på indeksen er framleis høgt, og fleire føretak melder om kapasitetsutfordringar. 

–Nedgangen kan tyda på at farten i vestlandsøkonomien dabbar litt av, og at vi framover kan forventa ein meir moderat vekst i vestlandøkonomien. Litt meir avdempa vekst hos handelspartnarane våre, og dessutan auka uvisse knytt til ringverknader av handelskrig, kan forklara noko av tilbakegangen i resultat- og forventningsindeksen. På den anna side kan det òg vera innanlandske forklaringar bak nedgangen i indeksen. Bygge- og anleggsnæringa opplever til dømes tilbakeslag etter rekordhøg bustadbygging i fjor, seier konserndirektør i Sparebanken Vest, Ragnhild Janbu Fresvik.

Full sysselsetjing

I Vestlandsindeks 3/2018 fortel føretaka at sysselsetjinga dei siste tre månadene har lagt om lag på same nivå som ved føregåande kvartal, men at forventa sysselsetjing neste seks månader går noko ned.

–Samstundes melder ein aukande del av føretaka at både faglært- og høgare utdanna arbeidskraft vil vera vanskeleg å få tak i, og det er oljenæringa som leiar an. For dei neste seks månadene forventar 42 prosent av føretaka med meir enn halvparten av omsetnaden knytt til olje- og gassnæringa ein auke i talet på tilsette, medan dette er avgrensa til ein av fem blant føretak som er skjerma for petroleumsnæringa. At sysselsetjingsindeksane no fell tyder ikkje at vi forventar aukande arbeidsløyse. Begge indeksar ligg godt over 50, som indikerer at føretaka har eit positivt syn på den økonomiske situasjonen og utviklinga. Nedgangen indikerer heller at jobbveksten har gått litt ned samanlikna med kva vi såg førre kvartal, og kan tyda på at vi nærmar oss full sysselsetjing på Vestlandet. Og denne auken i sysselsetjinga vi har sett i ein periode no vil truleg bidra til auka lønsvekst, seier Ragnhild Janbu Fresvik.

Avtakande byggeaktivitet

Bygge- og anleggsbransjen er blant næringsgruppene som rapporterer om nedgang i både resultat- og forventningsindeksen i Vestlandsindeks 3/2018 . Dette er konsistent med den avtakande veksten bransjen har opplevd i landet som heilskap.

–Truleg kan noko av aktivitetsfallet på Vestlandet tilskrivast avtakande bustadbygging. Noregs Bank har signalisert ein renteoppgang i september, og svakare forventingar for bygg- og anleggsbransjen kan nok knytast til korleis ein renteoppgang vil slå ut i oppdragsmengda framover, forklarer konserndirektøren.

Investeringane vert løft av oljenæringa

Sjølv om føretak med høg eksponering mot olje og gass nedjusterer investeringsforventningane noko frå den sterke målinga til førre kvartal, er trenden enno positiv for året som heilskap. Det er fleire føretak med høg eksponering mot olje og gass som har auka investeringane og talet på årsverk dei siste tre månadene, enn føretak skjerma for petroleumsnæringa.

–Denne investeringstodelinga ser ut til halda fram det neste halvåret òg. Delen som forventar å auka investeringar og talet på årsverk dei neste seks månadene er betydeleg høgare for føretak eksponert mot olje- og gassnæringa, enn for føretak utan tilknyting til bransjen, avsluttar konserndirektør i Sparebanken Vest, Ragnhild Janbu Fresvik.

Sogn og Fjordane

Nok ein gong viser bedriftsleiarane i Sogn og Fjordane at dei går mot straumen på Vestlandet, og rapporterer om ein markant oppgang i resultatindeksen, opp frå 59,2 til 61,9. Utviklinga kan nok til ein viss grad sjåast som ein korreksjon etter førre kvartals rekordlåge måling, men kan også vitne om ein suksessfull turistsommar i fjordfylket. Oppgangen går igjen i samtlege av resultatindeksens underindeksar, der særleg utviklinga i etterspurnad og lønsemd bidreg positivt.

Forventningsindeksen for bedriftene i Sogn og Fjordane går moderat tilbake frå førre kvartals måling på 65,6 til 65,2, og fell med det for andre kvartal på rad. Trass i auka optimisme knytt til etterspurnad, sysselsetting og særleg investeringar for dei neste seks månedane, bidreg forventningar om lågare lønsemd til å trekke den totale forventningsindeksen ned for Sogn og Fjordane.

Andre interessante funn i undersøkinga:

*Føretaksleiarane på Vestlandet melder om nedgang i Forventningsindeksen for første gong på eitt år.

*Forventningsindeksen for bygg- og anleggsverksemd går markant tilbake frå den sterke målinga til førre kvartal på 72,3, ned til 66,1. Tilsvarande måling for tredje kvartal 2017 var 68,2. Den negative utviklinga viser seg igjen i underindeksane for investering, sysselsetjing, etterspurnad og lønsemd.

*Overnatting- og serveringsverksemd har hatt ein kraftig oppgang i resultatindeksen dei to siste kvartala og endar på 67,1, opp frå botnnoteringa på 52,7 i fyrste kvartal 2018 .

*Delen som forventar auka investeringar dei neste seks månadene er 40 % blant føretak med meir enn 50 % av omsetnaden knytt til olje- og gassverksemd, og 26 % blant føretak skjerma for petroleumsnæringa.

*Netto del som har auka talet på årsverk dei siste tre månader er 34 % blant føretak med meir enn 50 % av omsetnaden knytt til olje- og gassverksemd, og 22 % blant føretak skjerma for petroleumsnæringa.

*Netto del som forventar å auka talet på årsverk dei neste seks månadene er 42 % blant føretak med meir enn 50 % av omsetnaden knytt til olje- og gassverksemd, og 20 % blant føretak skjerma for petroleumsnæringa.

*27 % av føretaka i utvalet seier dei i særs- eller ganske stor grad vil ha vanskar når det gjeld kapasitet dersom etterspurnaden aukar.

*For fyrste gong i Vestlandsindeks si historie er det 0 % som melder at avgrensa tilgjenge på kapital har bidrege til ei negativ marknadsutvikling, men samstundes melder 11 % at avgrensa tilgjenge på kapital skapar kapasitetsvanskar i drifta.