Brukte ikkje bilbelte

Busspassasjerar måtte punge ut

Fire busspassasjerar måtte ut med 1500 kroner kvar i gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Illustrasjonsfoto.  

Nyhende

Under ein kontroll Statens vegvesen hadde i Stryn torsdag, der kontrollen hadde fokus på bruk av bilbelte, vart det kontrollert 87 køyretøy. Av desse var det to bussar. Bussane hadde totalt 57 passasjerar, fire av passasjerane var utan bilbelte og vart gebyrlagde med 1500 kroner kvar. Ut over dette vart det ikkje skrive ut gebyr for manglande bruk av bilbelte, melder Statens vegvesen.