Alexander er klar for hip-hop

Alexander Pavelich skal synge Lose Yourself av Eminem under Stjernekamp på laurdag.

Alexander kjenner seg klar for hip-hop laurdag kveld, etter nokre timar med trening og terping.   Foto: Julia Marie Nagelstad, NRK

Nyhende

Etter å ha gått vidare i sjanger country er Alexander Pavelich klar for hip-hop under Stjernekamp laurdag kveld.

Dette er ein sjanger som musikaren frå Eid ikkje kjenner så godt til å utgangspunket.

Men etter nokre timar med trening, har lysta til å danse og synge hip-hop meldt seg.

   –Når eg no har trena ganske mykje på hip-hop, er det ein av sjangerane eg faktisk gler meg mest til, sa Pavelich til Fjordabladet for litt over ei veke sidan.

Mentor og sjangerekspert i hip-hop er Maria Karlsen.

Det er no ni deltakarar igjen i Stjernekamp etter at Dag Ingebrigtsen gjekk ut førre laurdag.