Alexa i Idol

I Idol i morgon kveld kan du mellom andre møte Alexa Valentina (18) frå Nordfjordeid. 

Nyhende

I morgon kveld sender TV 2 fjerde episode i den tiande sesongen av Idol. I programmet møter vi mellom andre Alexa Valentina (18) frå Nordfjordeid. Ho stilte med Robyn-låta «Dancing On My Own» då ho var på audition i Trondheim i vår – framføre eit dommarpanel som bestod  av artistmanagerane Gunnar Greve og Silje Larsen Borgan, samt Madcon-stjerna Tshawe Baqwa.