– Eit nytt landemerke

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) trur det nye bustadprosjekt i Lunden på Nordfjordeid vil bli eit nytt landemerke for tettstaden.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) trur bustadene i Lunden vil bli attraktive for mange både i og utanfor Nordfjord. 

  Foto: Bilde/illustrasjon: SteinArt.

(SAUNDERS ARKITEKTUR AS) 

Nyhende

 

– Eg er glad for at eit samla kommunestyre stiller seg bak dette viktige bustadprosjektet for vidare vekst og utvikling i Eid. Det er eit prosjekt med 60 nye bueiningar midt i Nordfjordeid sentrum med uvanleg høg arkitektonisk kvalitet. Det vil bli eit nytt landemerke for Nordfjordeid som tettstad, seier ordføraren. Han legg også vekt på at det å byggje nye bustader i Lunden også er god miljøpolitikk: Det reduserer trongen for framtidig bilbruk fordi du kan gå og sykle til alt du treng i kvardagen. Prosjektet reduserer også presset mot sårbar dyrka mark rundt sentrum.

Attraktive bustader

– Det å utvikle eit så stort bustadprosjekt svært krevjande. Det er ekstra imponerande at det er drege i gong og ført fram gjennom ein lang planprosess til ein samrøystes vedteken reguleringsplan av eit lokalt eigd og ganske nytt selskap.

–  Eg trur bustadene vil bli attraktive for mange både i og utanfor Nordfjord, og ynskjer lukke til med vidare realisering av prosjektet, avsluttar ordføraren i Eid.