To vert rapportert til politiet

Statens vegvesen gjennomførte i dag kontroll på Lefdal i Eid, der 31 køyretøy vart kontrollerte.
Nyhende

Ove Garlid i Statens vegvesen opplyser at to bilførarar vert rapportert til politiet. Ein for manglande førarrett og ein for brot på køyre- og kviletidsreglementet.

Eit firma fekk  8.000 kroner i gebyr for ikkje gyldig bombrikke.

To bilførarar måtte rydde i frontruta før vidare køyring.

Ein busspassasjer vart gebyrlagd for manglande bilbeltebruk.

Tre bilførarar fekk åtvaring for brot på køyre- og kviletidsregelverket.