Stadig færre arbeidsledige i fylket

– Arbeidsmarknaden er generelt god og det er særleg industri, bygg og anlegg som dreg lasset når det gjeld nedgang i arbeidsløysa, seier Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane. 

Industri, bygg og anlegg står for det meste av nedgangen i arbeidsløysa. Her er det til saman 100 færre ledige enn i august i fjor. – Dette er mannsdominerte næringar, og difor ser vi også at menn totalt sett har ein reduksjon i arbeidsløysa på 16 prosent, mens kvinner har ein auke på 4 prosent, seier Tore Thorsnes.   Foto: NAV

Nyhende

I august var det 872 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 82 færre enn i august i fjor og svarar til ein reduksjon på 9 prosent.

Med ei arbeidsløyse på 1,5 prosent, har Sogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet. Nærast er Oppland med 1,6 prosent. –Vi kan også glede oss over at nedgangen er sterk på heile Vestlandet; Rogaland ned 27 prosent, Hordaland ned 11 prosent og Møre og Romsdal ned 12 prosent, fortel Thorsnes. På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 9 prosent frå august i fjor. Det er no 67 086 heilt ledige, tilsvarande 2,4 prosent.

Størst reduksjon i Hyllestad

Halvparten av kommunane i Sogn og Fjordane har ein reduksjon i arbeidsløysa i august. Størst reduksjon har Hyllestad og Flora med høvesvis 35 og 32 færre ledige enn på same tid i fjor.

11 av kommunane har ei arbeidsløyse på 1,0 prosent eller lågare. Aller lågast er Aurland og Vik, begge med 0,5 prosent. I den andre enden finn vi Bremanger med 3,8 prosent og Selje med 3,5 prosent.  Nokre permitteringar i fiskeindustrien bidreg til dette.

Positivt for menn i industri, bygg og anlegg

Industri, bygg og anlegg står for det meste av nedgangen i arbeidsløysa. Her er det til saman 100 færre ledige enn i august i fjor.

– Dette er mannsdominerte næringar, og difor ser vi også at menn totalt sett har ein reduksjon i arbeidsløysa på 16 prosent, mens kvinner har ein auke på 4 prosent, seier Thorsnes.

I august var det 53 heilt permitterte i Sogn og Fjordane. 39 av dei permitterte kjem frå  fiskeindustrien.

Størst nedgang i aldersgruppa 50-59 år

Det er nedgang i arbeidsløysa i alle aldersgrupper, sett bort frå dei mellom 20 og 29 år. Aldersgruppa 50-59 år har størst reduksjon med 28 prosent, mens det er størst auke i aldersgruppa 20-24 år (11 prosent) .

Flest ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg

Det vart registrert 294 nye ledige stillingar i august, ein auke på 2 prosent frå august i fjor. Auken er størst innan kontorarbeid. Det er flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg, butikk- og salsarbeid og innan industriarbeid.


KommuneTal ledige% av arbeidsstyrkenEndring frå i fjor (tal)Endring frå i fjor %
Sogn og Fj.8721,5-82-9
Flora1562,5-32-17
Gulen161,3433
Solund*0,800
Hyllestad121,7-35-74
Høyanger301,5-13-30
Vik70,5-11-61
Balestrand60,9-3-33
Leikanger110,9-4-27
Sogndal400,9-6-13
Aurland50,5-4-44
Lærdal121,1333
Årdal271,0-7-21
Luster220,8-8-27
Askvoll201,3-7-26
Fjaler130,9-8-38
Gaular150,9325
Jølster191,100
Førde1001,378
Naustdal201,3-4-17
Bremanger703,8711
Vågsøy902,91317
Selje493,500
Eid401,21138
Hornindal71,1240
Gloppen270,900
Stryn551,41022

Tabellen viser arbeidsløysa i kommunane i Sogn og Fjordane. Kjelde: NAV