Aktivitetsdag for diabetesfamiliar

Laurdag 8. september vert det arrangert aktivitetsdag for barn og unge med diabetes.

Familiedag: I Sagaparken vert det aktivitetsdag for familiar som har barn og unge med diabetes. foto: Privat  Foto: Diabetesforbundet-privat

Nyhende

Det er Diabetesforbundet Indre Nordfjord som inviterer familiar med barn og unge til ein kjekk dag i Sagaparken på Eid.

– Det er viktig at barn og ungdom møter andre med diabetes, slik at ein ikkje føler seg annleis enn andre og at ein er åleine med denne sjukdommen. I dag er det mange barn og unge som har diabetes, men ein veit ikkje om kvarandre. Diabetes er ikkje ein sjukdom som folk kan sjå at ein har, påpeikar styret.

Under aktivitetsdagen vert det opplæring i kajakkpadling, ballspel og mange kjekke aktivitetar for barn og unge med diabetes. Foreldre får også lære meir om trening, kosthald og insulin på Magnifikk.