Aksjon skulestart

56 fekk reaksjon frå politiet

I to veker har politiet i Sogn og fjordane vore synleg og aktive i samband med årets skulestart. No er resultatet frå Aksjon skulestart klart.

Bilete frå politiet sin Aksjon Skulestart ved Nordfjordeid skule.   Foto: Yngve Tolaas

Nyhende

Under Aksjon skulestart vart 1597 bilar kontrollerte. Av desse fekk 56 førarar reaksjon frå politiet, noko som tilsvara 3,5 prosent av dei kontrollerte førarane.

Ingen mobilbruk bak rattet

Under kontrollane var det ingen som brukte mobiltelefon bak rattet.

–I år er første året at vi ikkje har hatt nokon reaksjonar på mobilbruk. Dette er svært positivt, seier Arne Johannessen, leiar for Geografisk driftseining Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt.

Viktig å senke farta kring skulevegane

Det vart gjennomført totalt 5 trafikkontrollar med fokus på hastigheit i Sunnfjord. Det resulterte med 21 forenkla førelegg.

–Ein må hugse å senke farta, spesielt kring skulevegane der det er mange born, legger Arne Johannessen til. 

Fokus på promillekøyring og tryggleik

I år har det vore ekstra fokus på promille i alle tre regionane i fylket og i førre veke vart ein førar fråteken førarkortet i Hyllestad, etter utslag på alkometeret.

Under kontrollane i Sogn og fjordane vart det også stansa seks køyretøy der barn under 15 år ikkje har vore sikra. I tillegg vart det delt ut 15 gebyr for manglande bruk av bilbelte i kontrollane.

–Dette er uheldig og eg håpar at fleire bilførarar blir meir bevisst på tryggeliken til både born og seg sjølv, seier Arne Johannessen.

Resultat frå Aksjon skulestart:

DistriktTal kontrolerteSikring av bornGebyr bilbelte

Gebyr

anna

FF anna

Anm.

Andre  

FF

Fart

Nordfjord354221
Sunnfjord4930126221
Sogn7504123
Totalt159761566221

Tabellen viser dei ulike forholda det var gitt gebyr for, eller forenkla førelegg (FF) for.