Eid kommune har fått tilsegn om 530.000 kroner i støtte til etablering av sykkelparkering ved dei to sentrumsskulane. Løyvinga kjem frå fylkeskommunen, men vert administrert av Statens vegvesen. Vilkår for tildelinga er at kommunen finansierer ein eigendel på 530.000 kroner.

Formannskapet stemde torsdag for rådmannen sitt framlegg til vedtak om at Eid kommunestyre godkjenner investering i sykkelparkering ved Nordfjordeid skule og Eid ungdomsskule innanfor ei kostnadsramme på 1.060. 000 kroner. Tiltaket vert finansiert ved tilskot på 530.000 kroner og låneopptak på 530.000 kroner.

Det vil samla verte kring 150 oppstillingsplassar og tiltaket må ferdigstillast i løpet av hausten.

Stårheim, Haugen og Hjelle

I vedtaket ligg det også at Eid kommune godkjenner at det vert søkt Statens Vegvesen om tilskot til sykkelparkering ved Stårheim skule, Haugen skule og Hjelle skule, innanfor ei kostnadsramme på kr 900.000. Tiltaket vert finansiert med 450.000 kroner i tilskot og låneopptak på 450.000 kroner. Tiltaket vert berre starta opp dersom tilskot frå Statens vegvesen vert innvilga.

Fleire gode prosjekt

Formannskapet vedtok i tillegg eit punkt der det heiter at formannskapet vurderer sykkelparkering ved Eid VGS, Fjordane Folkehøgskule og Kjølsdalen Montessoriskule som gode prosjekt som ein ber Eid kommune om å gå i dialog med eigarane for å vurdere å søke støtte til i neste års søknadsrunde.

Skuleområda er prioriterte

Skuleområda er prioriterte fokusområde i kommunen sin sykkelstrategi. I strategien vert det peika på at skulane fungerer som eit nav for aktivitet hjå barn og unge, med både skule og fritidsaktivitetar. I desse områda bør det difor leggast til rette med infrastruktur for gåande og syklande.