– Med auka vekst er det også auka behov for betong i Nordfjord og på Søre Sunnmøre. Ein marknad vi ser positivt på, difor har vi kjøpt betongfabrikken på Løkja, seier John Olav Lefdal i Lefdal invest.

Dei andre som er med på kjøpet er Stårheim bygg (30%), Kveen AS i Stryn (30%) og Sunnfjord betong (10%). Lefdal invest vil sjølve eige 30 % av betongfabrikken.

Frå konkurs

Det var Nordfjord betong som dreiv betongfabrikken på Løkja fram til ein konkurs for eit par månader sidan. No har dei nye eigarane kjøpt fabrikken for 2,5 millionar. Det er Lefdal invest som eig grunnen der fabrikken står.

– Vi kan no starte opp utan gjeld å betale på fabrikken. Det betyr at vi har gode sjansar til å lukkast. I dag er det stor byggjeaktivitet i Eid kommune og omliggjande område. Marknaden for å levere betong er stadig aukande, og vi vil vere med med tanke på vekst og utvikling her, seier Lefdal som vil har med seg i alle fall tre av fire tidlegare tilsette i Nordfjord betong inn i det nye selskapet.

Tidlegare Nordfjord betong leverte mykje betong til både Kveen i Stryn og Stårheim bygg. Det er årsaka at dei to sistnemnde no har gått inn på eigarsida, for å skape ein framtid for betongfabrikken på Løkja.

Seks år på Løkja

Det var i 2012 at Nordfjord betong bygde nye produksjonslokale på Løkja. Dei har fram til konkursen leigd grunnen av Lefdal invest.

Nordfjord betong har sitt opphav frå tidlegare Totland sementvarefabrikk på Eid.

Denne vart kjøpt opp at Sunnfjord betong i 2011, og fabrikken på Eid fekk då namnet Nordfjord betong.