–Det seier kommunesjef Elin Leikanger på Fjordabladet sitt spørsmål om Teknisk- samfunnsutval (TSU) sitt ja til detaljhandel (daglegvarehandel) på Stokkenes (Eid Næringspark), samstundes er eit nei til detaljhandel (daglegvarehandel) i Lunden?

–Det er rett så lenge sentrumssona ikkje er definert. Eg gjer merksam på at detaljhandel ikkje er det same som daglegvarehandel, seier Elin Leikanger og viser til definisjonar frå den fylkeskommunale planføresegna «Regional planføresegn for lokalisering av handel og kjøpesentera».

Sentrumssone

–Planføresegna vart vedteke av fylkestinget 6. desember 2016 og legg føringar for kvar ulike typar handel kan plasserast. Denne planføresegna gjeld framfor tidlegare vedtekne reguleringsplanar. Den regionale planføresegna gjev Eid kommune høve til å etablere kjøpesenter med inntil 11.000 rutemeter bruksareal innanfor sentrumssona, og inntil 3.000 rutemeter med detaljhandel utanfor sentrumssona. Sentrumssone skal kartfestast enten i areal- eller områdeplan.

Inga grense innanfor

–Grensa på 11.000 rutemeter for utviding og/eller nybygg av kjøpesenter på Nordfjordeid gjeld i perioden som føresegna gjeld. Det vil seie ti år frå vedtaksdato eller til ny fylkesdelplan ligg føre. Det er inga grense for kor stort areal som kan nyttast til detaljhandel innanfor sentrumssona, seier Leikanger og legg til at grensa på 3.000 rutemeter bruksareal til detaljhandel gjeld etablering utanfor, men i tilknyting til sentrumssona på Nordfjordeid.

–Med detaljhandel meiner vi all anna handel enn det som er definert som plasskrevjande varer. Med plasskrevjande varer meiner vi bilar, båtar, landbruks- og anleggsmaskiner, trelast og større byggevarer og hagesenter/planteskular. For handelsområde med desse varene må dei utgjere den dominerande delen av vareutvalet og omsetnaden, seier Elin Leikanger.

Tidlegast i desember

–Eid kommune har så langt ikkje kartfesta grenser for sentrumssona. La oss seie, heilt hypotetisk, at dersom grensa for sentrumssona blir lagt til rundkøyringa i Korsen, så vil ikkje TSU sitt ja til detaljhandel på Stokkenes (Eid Næringspark) ha noko å seie for søknader om etableringar av detaljhandel i Lunden, som blir liggande i sentrumssona?

–Det er rett.

–På kva tidspunkt kan ein forvente at Eid kommune er klar med å kartfeste den mykje omtalte sentrumssona?

–Dette er avhengig av fleire aktørar enn Eid kommune. I beste fall kan vi vere ferdige i desember.

Endrar ikkje planføremålet

–Vil kartfesting av ei sentrumssone ha betyding for annan aktivitet/næring, til dømes landbruk i og med at dette også (kanskje) i ytste konsekvens vil bli snakk om jordvern?

–Dette er ikkje tema å endre planføremål no. Arbeidet handlar om å definere kva som er sentrum i tettstaden.

Handels og tettstadanalyse

– Det kan kanskje virke litt konspiratorisk å blande inn landbruksinteresser og jordvern, men vi har sett ein del andre stader at konfliktar mellom ulike interessegrupper har kome nettopp i slike samanhengar. Er dette, i så fall forhold som planleggarane vil ha eit ekstra auge til?

–Vi har leigd Asplan Viak til å lage ein handels- og tettstadanalyse, som skal tene som grunnlagsdokument for planarbeidet. Dei arbeider førebels med innhenting av fakta knytt tema som:

* Lokaliseringsmønster i dag

* Omsetningsutvikling

* Demografiske utviklingstrekk (befolkning, kjøpekraft, forbruksmønster etc.)

* Dekningsgrad for kommunen, fordelt på ulike bransjar innan detaljhandel

* Konkurranseforhold – Eid og omland

* Potensiale for auka handel og tilgjengeleg handelsareal

Folkemøte

–I etterkant av analysearbeidet kjem vi til å invitere til eit medverknadsmøte/folkemøte som har som føremål å få presentert resultat frå analysearbeidet, skisser moglege måtar å møte utfordringane på og drøfte moglegheiter og utfordringar med dei frammøtte. Synspunkt frå dette møtet skal takast omsyn til ved utarbeiding av endeleg rapport, seier Elin Leikanger.