Den nye ungdomsserien «Lovleg», innspelt på Firda vidaregåande i sommar, er no blitt lagt ut med dei første episodane på NRK p3.no.

Frå heile fylket er det med 100 ungdommar, som skodespelarar og statistar.

Frå Eid kommune er det fem unge som er med.

Fire av dei har taleroller, det er Ingrid Tykhelle Kayser, Runar Naustdal, Magnus Henden og Alexander Baraki. Dagny Sunde er med som statist.

Første innspeling av «Lovleg» var i sommar, og innspelinga føregår framleis.

Episodane frå blir publisert på NRK TV og sendt på NRK3 kvar torsdag kveld.

Kva for rollefigurar dei fire skodespelarane frå Eid skal ha er framleis hemmeleg. Dei vil dukke opp i serien utover hausten. Manusforfattar av «Lovleg» er Kjersti Wøien Håland, tidlegare elev ved Firda vidaregåande skule.

Magnus Henden (21) var russ ved Firda vidaregåande våren 2016. No er han tilbake med ei rolle i serien som skildrar miljøet ved skulen.
Alexander Baraki er frå Eid og med i serien. Foto: Arkiv
Runar Naustdal er både fotballspelar og jobbar i sportsbutikk. No vil han også dukke opp på TV-skjermen utover hausten. Foto: Arkiv