Shellac er ein ripefri lakk som tørkar fort og skal vare i minst to veker. Dei siste åra har shellac blitt meir og meir populært rundt om i byane. Cut Frisør har drive med shellac i eit par år allereie, og i sommar starta Fin Frisør og Hudpleie med shellac. Frisørsalongen begynte først og fremst med føtene ettersom dei driv med fotpleie.

– 98 % av dei som kjem til oss vel shellac på beina framfor vanleg naglelakk, seier Elisabeth Kleppe Haavik, hud og spa terapeut hos Fin Frisør og Hudpleie, og legg til at shellac på hendene også vil kome inn i menyen om kort tid.

Ifølgje Haavik har frisørsalongen merka at etterspurnaden for shellac er større enn tidlegare og har difor teke inn ein del ulike shellac fargar.

– Det er alltid kjekt med noko nytt. Eg tykkjer Eid er begynt å bli veldig flinke på tilbod som elles er i byane, fortel ho og legg til at ho har lagt merke til at det er mange tilreisande spesielt, som vel å kome til Eid.

Fin Frisør og Hudpleie har fått inn ulike shellac fargar. Foto: Olin Maria Yri