I Fjordabladet 10. august 1982 kan vi lese at Haugen Ungdomslag stod som tilskipar for eit vellukka Firdastemne helga før. Stemnet var det 88. av sitt slag og provde at ungdomsstemnet i Nordfjord var ein seigliva tradisjon. På fredag var det tur med program på Tippasætra. Laurdag var det tradisjonell samling i «Vårtun» med skodespel. Søndag gjekk det stemnetog frå «Vårtun» til Leikvin på Løken, der det var hovudstemne med eit fyldig program ute på tunet.

Oppussing

I 2016 kjøpte investor Leif Kahrs frå Bergen det 226 år gamle sorenskrivarhuset på Løken. Huset er nå ferdig restaurert og opna for publikum.

I over tretti år hadde familien Rotevatn kunstgalleri og budde her i 20 år til 1996. Sonen Rune overtok eigedomen og var der til nye eigarar overtok i 2016.

Det er lagt ned eit omfattande arbeid med oppussing, og ein satsar på lukka selskap, overnattingar for grupper, utstillingar og kulturarrangement.