Det var ti spente jurymedlem frå aust og vest, nord og sør i vårt nye storfylke som samla seg i fylkeshuset i Bergen denne regntunge laurdagen. Nokre hadde starta dagen med å reise klokka 05.30, andre nærmast spaserte frå Bergen sentrum.

Felles er det at dei ville ta del i historia, og seie si meining om kva for motiv som skal samle og representere Vestland fylkeskommune.

Per Morten Ekerhovd, fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland fylkeskommune ønskte dei velkommen.

–Vi er svært glade for det store engasjementet som folk viser for det nye fylkesvåpenet. Talet på innsendte forslag var over all forventing. Mange har også ønskt å vere med i folkejuryen. Dermed kunne vi setje saman ei gruppe med medlemar frå heile det nye fylket, seier han.

Ulike grunnar til engasjement

–Først så eg raskt gjennom alle forslaga, og plukka ut mine favorittar. Så las eg meg opp på heraldikk, og gjekk gjennom det ein gong til, og såg at eg kunne behalde dei fleste av mine favorittar, seier Renate Rebnord Matre (44) frå Lindås.

Denne framgangsmåten gjekk igjen hos fleire av jurymedlemane. Nokre las gjennom dokumenta på fly, andre måtte høyre med familie og vener før dei fann sine fem kandidatar.

Øystein Hassel (25) frå Bergen har vore oppteken av kommunevåpen frå han var liten. Kristian Endal (21) frå Måløy  melde seg fordi han synest det er viktig  at yngre engasjerer seg, mens Susan (40, Stord) som har budd i Norge i ti år, melde seg fordi det er viktig for å vise at det ikkje er umuleg for innvandrarar å komme inn i det som har med samfunnet å gjere.

–Eg vil ha noko stilig!

Etter eit miniforedrag om heraldikk, som er veten om våpenskjold, presenterte jurymedlemane sine fem favorittar for kvarandre. Sjølv om dei hadde 667 motiv å velje frå, var det fleire av forslaga som gjekk igjen som favoritt. Resten måtte juryen til slutt stemme over. Var det ikkje sånn at dette eine forslaget kunne minne for mykje om ein BH? Og det motivet der, kan det sjå ut som eit ultralydbilete?

– Eg vil ha eit fylkesvåpen som er lett å kjenne att, og som er stilig, stadfesta Jarle Birker Arnes (52) frå Bergen.

Diskusjonen var livleg og god rundt bordet, og klokka 15.59 var dei einige om ti motiv som dei alle kunne stille seg bak.

–Desse har no peikt ut symbol som er samlande, typiske og varige og som går vidare til nettavstemminga!  Det er berre å glede seg til den vidare prosessen, seier Ekerhovd.

På onsdag i neste veke vil vi avsløre fagjuryen sine ti favorittmotiv. Er det nokre av dei som er dei same som folkejuryen har kome fram til? Då opnar og nettavstemminga der du kan taste fram di favoritt.

Dette er folkejuryen:

Øystein Hassel (25), Bergen/Hordaland

Jarle Birger Arnes (25), Bergen/Hordaland

Sigurd Andre Maraas (43), Fitjar/Hordaland

Renate Rebnord Matre (44), Lindås/Hordaland

Susan Abdallah (40), Stord/Hordaland

Kjellaug Gjerstad Norheim (72), Voss/Hordaland

Marit Solveig Nedrebø (46), Gaular/Sogn og Fjordane

Kamilla Rivedal (18), Holmedal/Sogn og Fjordane

Rasmus Mo (59), Sogndal/Sogn og Fjordane

Kristian Endal (21), Vågsøy/Sogn og Fjordane

Kva skjer vidare?

Frå 22. - 30. august er folkeavstemminga open på www.vlfk.no, www.hordaland.no og www.sfj.no Den som får flest stemmer får ein premie på 25 000 kroner, og dei andre finalebidraga får 2000 kroner kvar.

Forslaget som vert folkefavoritten blir saman med tre forslag frå fagkomiteen tatt med vidare i ein designkonkurranse. Her blir inntil fem designbyrå invitert til å lage sine forslag til nytt fylkesvåpen.

Etter at designbyråa har levert sine forslag skal fagkomiteen vurdere alle desse framlegga, og så innstille eitt av dei til nytt fylkesvåpen. Til slutt er det fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar som vedtek det endelege fylkesvåpenet for Vestland fylkeskommune mot slutten av året.