I år er det fem førsteklassingar i Kjølsdalen, tre jenter og to gutar. Nye skulesekkar og penal er innkjøpt, og Maria, Martine, Sivert og Sigrid frå Kjølsdalen og Casper frå Bryggja er superklare til sin første skuledag.

– Vi gler oss!, konstaterer dei.

– Dette har vi venta på i mange år, påpeikar Sivert.

– Det skal bli kjekt å lære å skrive, meiner Sigrid.

– Eg trur det blir gøy med samling, meiner Sivert, som påpeikar at han allereie kan mange bokstavar.

Nokre av dei har fargeblyantar og fargebok liggande i skulesekken allereie, men der er plass til skulebøker.

– Men nokon traktor er der ikkje plass til i alle fall, flirer Sivert. Når han blir stor er han fast bestemt på å jobbe i Nordfjord vegservice.

– Det er einaste jobben eg ønskjer, seier han. Sigrid vil bli frisør, medan dei andre er ikkje sikre.

– Kanskje nokon kan bli dronning, blir det føreslått.

Sommarfuglar i magen

Dei har nytta sommarferien godt, og fortel om mykje bading i finvêret.

– Eg har bada i fem veker, har køyrd radiostyrt lastebil og vore i dyrepark, fortel Martine.

Men no er ferien over, og dei ferske førsteklassingane er klare for sine første skuledag.

– Det er litt sommarfuglar i magen, innrømmer dei.

Nokon av dei kan allereie mange bokstavar, men på skulen skal dei lære endå meir.

Når nytt skuleår startar no er det 36 elevar ved barneskulen i Kjølsdalen, det er fire fleire enn ved skulestart i fjor. I tillegg er det i år ein elev i 9. klasse, medan det var fire ungdomsskuleelevar i Kjølsdalen i fjor.

Auka elevtal

Kommunalsjef Harald Sivertsen opplyser at elevtalet ved skulane i Eid er langt større enn i fjor. Ved skulestart er det 855 elevar totalt i Eid, medan det var 812 i fjor haust.

Ved Hjelle skule er det i huast 81 elevar, ein elev mindre enn på same tid i fjor.

Ved Haugen skule startar 66 elevar ved skulen no på måndag. Det er tre færre enn på same tid i fjor.

På Stårheim skule er det ein elevvekst på to elevar i forhold til skulestart i fjor. No har skulen totalt 66 elevar.

Den største elevveksten finn ein ved sentrumsskulen. PÅ Nordfjordeid skule er det 353 elevar som startar måndag, 19 fleire enn ved skulestart i fjor.

Dei ferske førsteklassingane gleder seg også til friminutt, der dei kan utfolde seg litt meir med leik og moro. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
– Vi kan allereie mange bokstavar, seier dei fem førsteklassingane ved Kjølsdalen Montessoriskule. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes