Namn: Geir Holmen

Alder: 42 år

Bustad: Balsnes Gard

Familie: Kone og tre born

Husdyr: To kattar, ei kanin, ein kalkun og tre høner

Yrke: Operahusleiar

Bil: Toyota Hiace

Kva har du gjort i sommar?

– Eg har vore på Malakoff, vore på telttur og båttur. Eg har også vore ei veke i Nord-Norge der eg blant anna fiska og var i polarparken. I tillegg har eg halde på heime på garden og ordna og styra med ein jordbæråker blant anna.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Sommaren 1983 då eg var sju år gammal oppdaga eg musikk for første gong. Det var ein fin sommar med sol og musikk.

Kva er di draumereise og kva tre personar ville du hatt med?

– Draumereisa har eg allereie vore på. Eg reiste verda rundt i åtte månadar saman med kona mi i 2005 og 2006. Neste mål må vere å ta med familien til New Zealand for å besøke venner vi har der.

Korleis ser ein perfekt sommarkveld ut?

– For meg er ein perfekt sommarkveld varm og mørk, noko som sikkert er litt rart sidan eg er ein kar frå Nord-Norge. Den må også vere myggfri for eg hatar mygg, og i nærleiken av vatn med god mat saman med venner og familie

Favorittmat/drikke om sommaren?

– Eg likar å grille. Eg er vel generelt glad i mat og øl. Eg er utdanna som ølkelner.

Ditt beste tips til kva ein kan gjere på Eid i sommar?

– Vi bur jo i praksis i eit postkort. Rundt oss med 1,5 time med køyring har vi heilt fantastiske stadar og flotte nærturar. Turistane kjem to stadar i Norge: Nord-Norge og Fjord Norge og vi bur i Fjord Norge. Så har vi Malakoff og Kystfestival i nærleiken. I sommar har vi også vore på Hoven og teke skyliften og vi var på den nye Dagsturhytta på Naustdalskamben. Og så er det jo sommarcamp då på Haugen for borna.

Har du nokre hobbyar?

– Eg speler fotball for Haugen. Eg speler også instrument som bass og gitar og syng. I tillegg driv eg med jakt og fiske. Eg likar også å lese bøker når eg har tid og så held eg ein del kurs i øl og whisky.

Kva er du flink til, og kva er du dårleg til?

– Eg er kanskje flink til å prate. Eg likar å utvikle ting så eg håpar eg er flink til det. Eg er dårleg til å gjere den same tingen om igjen og om igjen. Eg blir nok litt utolmodig. Eg likar å halde på med ulike ting. Det er kanskje derfor eg har så mange hobbyar.

Beskriv deg sjølv med tre ord?

– Familieorientert, historieinteressert og jovial.

Er det noko du engasjerer deg for?

– Eg engasjerer meg i familien, sommarcampen og lokalsamfunnet på Haugen. Eg engasjerer meg også for kultur generelt og er veldig interessert i det.

Kven eller kva ville du tatt med deg til ei aude øy?

– Spotify og leatherman multiverktøy.

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær?

– Halde kjeft.

Kva statsleiar/artist ville du ete middag med og kvifor?

– Dave Grohl. Tenk å ha vore med i både Nirvana og Foo Fighters.

Kven vil du gje ein blome til?

– Svigermor Laila Balsnes. Ho har hjelpt oss med borna særleg den siste veka før skulen starta

Kva er den beste sommarlåten 2018?

– I sommar har eg høyrt mykje på The returnal of the Space Cowboy av Jamiroquai frå 1994.

Draumeartist til Malakoff?

– Faith No More. Det har eg allereie sagt til Arnt-Ivar. Eg gjekk å masa om Ghost i to eller tre år til Arnt-Ivar. Eg kunne valt Foo Fighters sjølvsagt, men det er urealistisk. Det er for så vidt også Faith No More, men Malakoff har klart urealistisk før.

Kva skal du lese i sommar/beste sommarbok?

– Akkurat no helde eg på med 1Q84 som er ein trilogi av Haruki Murakami. Den er veldig spennande.

Kvar kunne du tenkt deg å bu?

– Balsnes Gard. Eg trivst veldig godt og har ikkje lyst å bu ein annan stad.

Korleis ser framtida ut?

– Mange kvardagar, og kvar dag er ein fest.

Les fleire sommarpratar her