«Eg veit ikkje når eg oppdaga at han var komen inn i livet mitt. Eg veit heller ikkje når eg oppdaga at han var ute av det.» Slik startar Svartstilla, ein roman av Susanne Skogstad (26). Skogstad er frå Nordfjordeid, men flytta til Oslo for eit par år sidan for å gå manuslinja på Westerdals. Sjølv om ho no studerer manus med hovudfokus på film og scene, har Skogstad alltid hatt ein plan og ein draum om å bli forfattar. Hausten 2017 starta ho å skrive på Svartstilla, så prosjektet er ikkje gammalt. Men det var ikkje ei sjølvfølgje at det skulle bli akkurat den boka som skulle bli hennar debut. I lang tid haldt Skogstad på å skrive ei anna bok.

– Eg hadde ein gjesteforelesar på Westerdals, og han spurte kor lenge eg hadde haldt på med den boka. Lenge svarte eg, og fekk som svar: då er det ikkje den. Først vart eg litt frustrert, men eg gjekk heim og begynte faktisk å skrive Svartstilla. Eg trengde nok eit lite kakk, fortel Skogstad, som har sete ein del fredag og laurdagskveldar å jobba med den nye romanen.

– Det er klart det er ei prioritering der ein vel vekk eit par ting, men eg trivst veldig godt med det eg gjer.

Første forfattar ut

Gjesteforelesaren på Westerdals gjorde ikkje berre slik at Skogstad begynte å skrive på Svartstilla. Han var også den som sette ho i kontakt med redaktørane hos det nye bokforlaget Gloria Forlag som vart danna tidlegare i 2018 og som Petter Stordalen har gått inn og har eigardel i.

– Gjesteforelesaren skal ha stor takk. Eg var ganske heldig. Det er veldig kjekt at ein får kontaktar frå Westerdals med ein gong, fortel Skogstad som er første forfattar som blir gjeve ut under Gloria Forlag.

– Det er veldig spennande for meg å få moglegheita til å vere med på prosjektet til Gloria. Damene som jobbar der er dyktige og har vore i bransjen lenge. Det er eit lite forlag, så ein forsvinn ikkje i mengda, seier Skogstad på spørsmål om korleis det er å vere med i eit heilt nytt prosjekt.

Ei intens og poetisk bok

Svartstilla er ikkje ei spesielt lang bok, men den er intens. Og den er poetisk.

– Den er så intens at den kunne faktisk ikkje blitt lang. Eg er spent på om eg nokon gong kjem til å skrive lange romanar. Eg føler ikkje det er meg, seier Skogstad som saman med forlaget kom fram til tittelen på boka.

– Svartstilla er eit uttrykk når vassflata ligg heilt i ro. Det er eit vakkert uttrykk som rommar mykje, seier Skogstad og legg til at å skrive boka på nynorsk var heilt naturleg.

– Det er eit poetisk språk, og eg føler meg veldig heime i nynorsken. Eg tykkjer den kan vere så presis.

Det er ikkje berre språket i boka Skogstad føler seg heime i. Framsida av boka er designa med fjell og vatn, og kan på mange måtar minne om Hornindalsvatnet. For Skogstad ser framsida på boka ut som heime.

Om kjærleik og livet

Trass i at Skogstad er i midten av 20-åra, har ho i Svartstilla valt å skrive frå den gamle kvinna sitt perspektiv, og lesaren får følgje henne gjennom sorga då ektemannen går bort. Romanen er på mange måtar ei forteljing om kjærleik og livet.

– Eg tykkjer ein ikkje skal avgrense seg til å skrive frå sin eigen alder og identitet. Svartstilla er ein roman som er skriven på intuisjon, og så kom den gamle dama å blanda seg inn i prosessen. Når eg begynte å skrive boka visste eg ikkje at det skulle vere ein roman frå den gamle dama sitt perspektiv, men ho tvang seg inn ganske tidleg, fortel forfattaren.

Skogstad skriv ikkje for spesifikke lesarar. I staden skriv ho heller om det i verda ho har lyst å peike på.

– Svartstilla har ei konkret handling, men med større kontekst. Eg har mi eiga oppfatning og tolking som forfattar av boka, men eg har ikkje noko meir rett enn andre som les boka. Eg tykkjer det er veldig spennande å høyre andre sine tolkingar, seier Skogstad.

Som forfattaren av boka, kva er di tolking av Svartstilla?

– No vil eg ikkje forringe andre si lesing med mi eiga, men eg kan forsøke å seie det litt generelt: Den gamle dama mistar mannen sin brått og viser ei enorm vilje i å bli i den sorga. Det er noko eg ser i samanheng med menneskets veldige vilje til meining. I samfunnet vårt har vi i stor grad brote med tradisjonelle strukturar av overordna meining, og eg ser ho litt som ein representasjon av den lidande parten som følgje av dette, svarar Skogstad om korleis ho set det heile i samanheng.

– Religion kan vere eineståande som meiningstydande verktøy. Boka peikar på problemet med at vi ikkje har funne noko å erstatte religion med i dagens samfunn. Det er vanskeleg å snakke om, men samtidig så er det grunnen til at boka har blitt som den har blitt, legg ho til.

Susanne Skogstad meiner ein ikkje skal avgrense seg til å skrive frå eigen alder og identitet. Foto: Olin Maria Yri