Det er berre noko av det 20 gutar og jenter frå 5.-7. klassa fekk vere med på under Forskarfabrikken sin sommarskule på Nordfjordeid denne veka.

Sommarskulen er for elevar som skal opp i 5., 6. og 7. klasse til hausten. På sommarskulen blir deltakarane flinkare i naturfag og lærer meir om kjemi, fysikk og biologi. Kurset følgjer skulen sin læreplan for 5. – 7. trinn i naturfag.

– Sommarskulen går frå ni om morgonen til tre om ettermiddagen frå måndag til fredag. Her lærer deltakarane meir om naturfag enn dei gjer i løpet av mange veker på skulen, seier Oda Espe, som i fleire år har vore instruktør for Forskarfabrikken.

– I tillegg til alt dei lærer får dei mikroskop, vernebriller, t-skjorte og sitt eige forskarhefte, fortel Espe.

Fleire deltakarar

Dei siste gongane Forskarfabrikken sin sommarskule har vore arrangert på Nordfjordeid, har det vore rundt 15 deltakarar. I år var det 20 gutar og jenter som deltok, noko som passar perfekt for storleiken på klasserommet med skulekjøkken dei nyttar på Nordfjordeid skule.

– Vi er sjølvsagt glade for at det er ein auke i talet deltakarar i år. Fleire av dei har vore med tidlegare, fortel Espe, som legg til at gutane og jentene på sommarskulen kjem frå Ørsta, Sandane, Bryggja og frå Eid kommune.

Då Fjordabladet var på besøk tysdag var det edderkoppar som stod på programmet. Her fekk barna først lære at edderkoppar faktisk gjer mykje nytte. Ikkje minst ved at dei held bestanden av andre småkryp under kontroll ved å ete dei.

Den vanlegaste fobien som finst er frykt for edderkoppar, og derfor understreka instruktørane Oda Espe og Åshild Tenold Fridtun at ein ikkje måtte fange edderkoppar under edderkoppjakta i krikar og krokar på uteområdet ved Nordfjordeid skule.

Variert og spennande

Programmet til Forskarfabrikken sin sommarskule er både variert og spennande, med fleire nye tema kvar dag.

Deltakarane fekk blant anna lære korleis ein lagar superstore såpebobler, kor lett ein bakteriesjukdom kan smitte, å lage si eiga utskytingsrampe for rakettar og korleis ein gjennom kjemiske reaksjonar skapar vakre fargar med rødkålekstrakt, sitronsyre og natron.

Beate (t.h.) og Gjertrud var dei første som fann ein edderkopp. Foto: Yngve Tolaas