– Det er eit større fokus på miljøet, og difor større etterspurnad for miljøvennleg, seier Anita Førde, leiar hos Sjøkanten Café.

I år har Sjøkanten Café fått ein del vegetarrettar inn i menyen slik som vegansk burger, vegetarwrap og vegetar og vegansk salat.

– Det siste året har vi hatt fokus på å bli meir miljøvennlege. Vi har difor fått fleire vegetar og veganske rettar, og vi har fått inn palmeblad til dressing i staden for plast. Vi gjer det vi kan for å vere meir miljøvennlege, forklarar Førde, og legg til at dei følgjer etterspurnaden. Om den etter kvart blir større er dei opne for å endre menyen igjen.

– Vi har blant anna vurdert falafel, hummus og guacamole, fortel Førde.

Det er ikkje berre tilrettelagt for dei som ikkje et mat frå dyr. Også glutenfritt og mjølkefritt er ein stor del av menyen til Sjøkanten Café.

– Vi prøvar å tenkje at alt vi lagar er utan laktose og gluten så alle kan ete det, fortel leiaren.

– Folk må gje beskjed i kassa, men om det er nokre som er hyperallergiske kan vi ikkje garantere noko på grunn av mjølstøv og liknande. Men alt blir kutta på eige skjerebrett og med eigen kniv, legg ho til.

Aske

Hos Aske går det også mykje i både vegetar og veganske rettar. Kjøkkensjefen Silje Øygard meiner det er viktig å ha gode tilbod når det gjeld rettar utan kjøtt og fisk og produkt som ikkje kjem frå dyr i det heile.

– Vi er svært fleksible når det gjeld maten. Alle er velkomen til å ete eit fullferdig og godt måltid. Det er målet vårt. Vi vil at alle skal kose seg, seier Øygard og legg til at sjølv om ikkje alt står på menyen kan kokkane hos Aske alltid lage maten utan fisk og kjøtt, men også vegansk om nokon ønskjer det.

– Det er viktig å kutte ned på kjøttinntaket. Vi har ein eigen vegetarrett som blir bytta ut etter kva vi har på huset. Det går ofte i taco og bau, fortel kjøkkensjefen.

Det er ikkje berre vegetar og veganske rettar Aske har. Restauranten har også eit breitt tilbod for dei som ikkje kan ete gluten eller laktose.

– Det er viktig å seie ifrå om det er noko ein ikkje toler, for då ordnar vi det. Alle her har vore i bransjen i mange år og er difor vand med å ta omsyn og finne løysingar. Det er ein viktig del av restaurantbransjen at vi dekkjer det behovet folk har. Vi lagar ikkje mat til oss sjølv, men til gjestane, seier Øygard.

Cats

På Cats er det også mange som må ha tilrettelagt mat. Ifølgje Aud Bjørhovde, leiar på Cats, er det mange spesielt må ha matrettar utan gluten. Matrettar utan laktose og kjøtt er det få som så langt har spurt om på Cats, og dei har difor ikkje lagt eigne kjøttfrie rettar bortsett frå blant anna pommes frites inn i menyen.

– Det er ikkje nokon som har spurt om mat utan kjøtt enno. Eg veit der er nokre som ikkje skal ha kjøtt, men det kan vere at dei ser på menyen og der det er oversikt over kva dei ulike rettane inneheld, fortel ho.

Når det kjem til mjølkefritt har Cats blant anna ikkje soyamjølk eller laktosefri mjølk, men dei har blant anna saftis som dessert.

– Vi burde sjølvsagt hatt laktosefri mjølk, men vi har ikkje kome så langt enno, seier Bjørhovde.

Minibakeriet

Som det einaste reine bakeriet i gata, tek Minibakeriet matallergi svært seriøst, og har difor valt å ikkje ha ikkje glutenfritt bakverk.

– Vi er eit lite bakeri, og vi tek rett og slett ikkje sjansen på grunn av mjølstøvet. Vi tek allergi veldig seriøst, seier Leon Knapskog, eigar av Minibakeriet.

Sjølv om Minibakeriet ikkje har glutenfritt, har dei mykje som er mjølkefritt.

– Når det gjeld brøda er det vel berre eitt brød som inneheld mjølk. Det er også ein del bollar utan mjølk, fortel Knapskog og legg til at det er mange alternativ når det gjeld sandwichane.

– Vi lagar ofte sandwich utan kjøtt, så der kan ein få det litt som ein vil.

Dolce Vita

Hos Dolce Vita er mange av kundane vegetarianarar, og då går det gjerne i pizza margarita og gjerne ein miksing av ulike ingrediensar. Også ein del salatar og pastarettar der ein kan ta bort kjøttet er populært.

– Vi har tilbod til alle med allergiar og dei som ikkje et kjøtt. Til og med dei som er veganske, seier Ygor Celep, leiar hos Dolce Vita, og legg til at restauranten vurderer å ta inn vegetarburger.

– Vi oppdaterer menyen ofte for å møte behovet til folk, fortel han.

Dolce Vita har også glutenfri pizza og ein del kjøttrettar utan gluten.

– Av glutenfri rettar går det ein del kebabtallerken og kyllingkebabtallerken, fortel Celep.

– Vi er litt dårlege på mjølkefritt, men har ein del kjøttrettar. Vi har tilgjengelege rettar for dei som ikkje toler mjølk, men ikkje like mykje som til dei med glutenfritt, legg han til.

Didriks

Kjersti Brovold, driv kafeen Didriks, og kan fortelje at det er viktig at det er trygt for dei med allergi.

– Alle jobbar for at maten skal vere trygg. Det er det som står i fokus, legg ho til.

Ifølgje Brovold har Didriks eit breitt tilbod på glutenfritt og mjølkefritt. Trass i det, tykkjer ho det er få som skal ha det tilrettelagt.

– Det er ikkje så mange som spør om verken glutenfritt, laktosefritt eller kjøttfritt, dersom ein tenkjer prosentvis. Men det er viktig å vareta dei som har allergen. Difor er det litt vanskeleg å ha eit breitt tilbod. Det er rett og slett på grunn av balansegangen mellom oppbevaringsplass og ikkje for mykje svinn, fortel Brovold.

– Vi har glutenfri brødmat og breitt tilbod av pålegg og salat, men vi har ikkje mange glutenfri kaker dessverre, legg ho til.

I tillegg til glutenfritt og mjølkefritt, kan Didriks også tilby både vegetar og veganske rettar.

– Vi kan sjonglere litt slik at det anten blir vegetar eller vegansk. Vi gjer så godt vi kan når det gjeld å legge til rette, men vi kan bli betre på tilbod til dei som ikkje et kjøtt. Vi har alternativ, men det er kanskje ikkje spennande nok og det kan vi ta sjølvkritikk på, seier Brovold.

Coco Frisør og Kaffebar

Coco Frisør og Kaffebar kan blant anna tilby kundane soyamjølk, rismjølk eller laktosefri mandelmjølk i staden for vanleg mjølk i kaffien for å etterkomme behova til dei som har allergi.

– Vi tykkjer det er viktig å ha dei tilboda. Det må vere lov å ta seg ein latte sjølv om ein er allergisk, seier dagleg leiar, Berit Engebretsen.

– Desse produkta har lang haldbarheit så det er ikkje noko problem å ha dette tilbodet heile tida, legg ho til.

Magnifikk

– Etterspurnaden blir berre større for mat som er tilrettelagt. Vi har ein del kundar som må ha tilrettelagt og dei har vert nøgde så langt. Det er kjekt å lage sånt og ikkje berre følgje menyen slavisk, seier avdelingsleiar på Magnifikk, Christian Johannessen.

Magnifikk opna i mars i år, og på menyen deira står blant anna salatar, hamburgar, sandwich og ulike versjonar av pommes frites. Ifølgje Johannessen kan alt på menyen gjerast glutenfritt og kjøttfritt. Spesielt salatane er veldig populære for dei som ikkje et kjøtt. Også når det gjeld mjølkefritt har Magnifikk mange rettar ettersom dei kan ta bort osten og dressing. Restauranten ved sidan av Sagaparken har også starta med soya og laktosefri mjølk til blant anna kaffien.

– Vi merkar på dei som kjem at det er interesse for det, fortel han og legg til at Magnifikk har fått inn ny kokk og i løpet av dei komande vekene blir menyen utvida både med kjøttrettar og rettar utan kjøtt.

– Vi er framleis i tenkeboksen med tanke på kva rettar vi skal ha. Vi har så langt ått inn mange innspel, seier Johannessen.

Sjølv om det er vanskeleg å få til vegansk, ynskjer Magnifikk å få til noko for dei som ikkje et noko mat frå dyr. Dei er allereie godt i gong med vegansk is og har til saman to laktosefri isar.

China Restaurant Chen

På China Restaurant Chen er det stort fokus på gode grønsaker, og Weiyong Chen, dagleg leiar, kan fortelje at det ikkje er noko problem å lage til maten akkurat slik folk vil ha det.

– Vi har mange kundar som har allergiar, som til dømes gluten, og så lenge dei seier ifrå så lagar vi til. Det beste er når kundane kontaktar oss og fortel kva allergi dei har slik at vi kan behandle maten og passe på at den ikkje er i kontakt med den maten dei ikkje toler.

– Vi er svært forsiktige når det gjeld allergi. Sonen min toler ikkje til dømes ikkje nøtter, så vi veit veldig godt korleis det er med allergi. Vi er opptekne av å unngå farlege og uønskte situasjonar, legg han til.

Når det gjeld kjøttfritt, er det ifølgje Chen enkelt å lage til.

– Vi har mykje grønsaker som vi ofte serverer. Dersom ein stor gjeng bestiller bord på førehand, kan vi også bestille inn tofu og liknande.

Pizzahouse

Dagleg leiar er på ferie og var ikkje til stades for å svare på spørsmåla.

Kjersti Brovold hos Didriks er oppteken av at det skal vere trygt for dei med allergiar, og sjonglerer gjerne slik at kundane får det tilrettelagt. Foto: Olin Maria Yri
Minibakeriet har valt å ikkje ha glutenfritt på grunn av mjølstøv, men bakeriet har mange tilbod til dei som har mjølkeallergi og ikkje et kjøtt. Foto: Olin Maria Yri
Christian johannessen (t.h.) kan fortelje at Magnifikk har fått inn Ole Nordnes (midten) som ny kokk og skal utvide menyen ettersom etterspurnaden for tilrettelagt mat berre blir større. Foto: Olin Maria Yri
Coco Frisør og Kaffebar tykkjer det er viktig at ein kan ta seg ein latte sjølv om ein er allergisk mot mjølk. Foto: Olin Maria Yri