Sigrid Moldestad som gav ut CD-en ”Brevet til kjærleiken” i 2014 med tekster av Bruheim, er med, og stien vert offisielt opna av brordottera til Bruheim, forfattar og journalist Magnhild Bruheim. Det Norske Samlaget og venelaget lanserer ny bok med eit utval av barnedikta til Jan-Magnus, på opninga laurdag. Det vert omvising i stien, og i grendahuset vert det høve til å få kjøpe både bøker og mat.

Det er få norske forfattarar som har fått diktarstiar etter seg, men Jan-Magnus Bruheim (1914-88) har snart to. Den fyrste i heimbygda Skjåk og laurdag 18. august opnar Diktarstien i Botnane med ti dikt han skreiv dei sju åra han budde der, frå 1978 til 1985. Det vert den fyrste diktarstien i Sogn og Fjordane.

–Dikta er gravert i stål og bolta i stein, så ikkje vinden skal ta dei, seier Magni Øvrebotten, som er prosjektleiar for Diktarstien i Botnane. Halvparten av dikta er plasserte der han vart inspirert til å skrive dei, mellom andre «Huset som talar», diktet han skreiv om det gamle skulehuset han budde i. Det er natur-, barne- og kjærleiksdikt, alt det som prega Jan-Magnus Bruheim si dikting. Å bu på kysten fekk tydeleg innverknad på diktinga hans, symbolikken er henta frå det miljøet han levde i og den naturen han såg ikring seg. Han omtalte åra i Botnane som «sju gode år» og elleve av dei 45 bøkene hans kom utan medan han budde der.

Diktarstien i Botnane går i lett turterreng, og bortsett frå ein plass, ligg alle dei seks stoppunkta nær inntil Frøysjøvegen (fv 577) gjennom bygda. To dikt er mindre tilgjengeleg og dei har fått ekstra skilt av omsyn til dei som ikkje kan oppsøke dei. Stien er bygt på dugnad og innsamla midlar, og det trengst framleis meir pengar for å fullfinansiere han. – Kvalitet kostar, og vi har satsa på å lage ein mest mogeleg vedlikehaldsfri diktarsti, i stål og stein, seier Magni Øvrebotten.

Sigrid Moldestad fekk diktinga til Jan-Magnus Bruheim fram att i lyset då ho i 2014 gav ut CD-en «Brevet til kjærleiken, i høve 100-årsjubileet for Bruheim. Ho brukar jamt songane ho laga av dikta hans på konsertane sine, som «Den annsame», «Du i meg» og «Haustkveld ved havet». Du finn dei alle på Diktarstien i Botnane, og nokre av dei vert nok å høyre på opninga laurdag, der Sigrid Moldestad og to av musikarane hennar er med.

Brordotter til Bruheim, forfattar og journalist Magnhild Bruheim, frå Skjåk, skal opne diktarstien, og Hildegunn Solberg Nes, frå Ellingsøy, skal snakke om Bruheim og Vestlandet.

–Om veret tillet det vert opninga på den nye dikt-, raste- og parkeringsplassen på Jørnjorda, ned ved sjøen. Men

om det er «synnavind og vatn» som rår laurdag legg vi opninga bak grendahuset. Etterpå går vi stien og det vert høve til å kjøpe seg både mat og Bruheim-bøker i grendahuset, seier prosjekleiar Magni Øvrebotten. Styret i Botnane og Årebrot grendalag er styringsgruppe for Diktarstien i Botnane.

Prega på Stål: Dikta er prega i stålplater og festa på stein. Fleire av dikta er plasserte der diktaren, Jan-Magnus Bruheim fekk inspirasjon til å skrive dei. Foto: Privar
Dugnad: Mykje av arbeidet med Diktarstien er gjort på dugnad dei to siste åra. Her frå arbeidet med stien ned til Flotholmen der ein finn diktet, Ved fjøre sjø. Foto: Privat
Start på stien: Skulehuset der Jan-Magnus Bruheim budde frå 1978 til 1985. Her finn ein to av dikta plassert på veggen bak, og det er starten på stien inn til eit anna dikt, Fotefär i stein.