Det seier Nils Mange Nedreberg, leiar i Stårheim Skiskyting. Denne veka kan dei invitere skiskyttarar og langrennsløparar til nyasfalterte rulleskiløyper på skyttaranlegget til Stårheim Skiskyting på Harpefossen.

– Å legge asfalt på delar av løypenettet, er den siste store investeringa vi har for å kunne tilby eit komplett anlegg som kan nyttast heile året, seier Nedreberg. Han håper at det flotte heilårsanlegget også vil bidra til auka rekruttering til skiskyttarsporten.

Komplett anlegg

Stårheim Skiskyting starta arbeidet med stadionhuset på Harpefossen sommaren 2015, og stod ferdig i februar 2017. I første etasje er det varmestove, kiosk, kjøkken og toalettfasilitetar. I andre etasje tidtakarrom, og to store opne verandaer der publikum kan følgje med på det som skjer, både på standplass og i delar av løypenettet.

– Det er ikkje så mange år sidan at tidtakarane og sekretariatet heldt til i ei bitte lita brakke. I 2009 vart skytebana utvida frå 12 til 16 blinkar. Dette måtte ein gjere for å bli godkjent som arrangør av regionale renn, som krev minimum 15 blinkar. Godkjenning for nasjonale renn krev 30 skiver. For oss er ikkje det aktuelt i dag, seier Nedreberg som legg til at det også har skjedd ein god del med løypenettet opp gjennom åra.

Mykje på kort tid

–For å gjere ei lang historie kort, kan vi seie at dei store endringane til det betre kom då vi bygde nytt stadionhus. Det nye sterkt oppgraderte anlegget vart opna då Stårheim Skiskyting arrangerte KM i februar 2017. Det vi no er i ferd med å avslutte, kompletterer anlegget, seier Nedreberg som føler han har mange å takke.

Viktige bidrag

–Det er ikkje enkelt å vite kor ein skal starte, men vi kjem ikkje utanom grunneigarane som har vore svært positive. Dei har gitt oss om lag frie hender. Dei krev heller ikkje leige for arealet. Når det gjeld tilskot og pengegåver så vil eg takke både Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane, som begge har gitt oss 100.000 kroner. Frå Samferdsledepartementet fekk vi 600.000 kroner i trafikktryggingsmidlar. Men den største delen har alle dei som har stilt opp på dugnad gjort. Både på dugnad på anlegget, fellesdugnad på Malakoff Rockfestival, der Stårheim Skiskyting har ansvar for å rigge alt av telt. Ein tredel av kostnadane, 2,3 millionar kroner, får vi gjennom spelemidlar. Resterande må vi skaffe sjølve, seier Nils Magne Nedreberg.

Fleirbruk

Det skin gjennom at leiaren i Stårheim Skiskyting er stolt av det anlegget han no kan opne for bruk. I tillegg til skiskyting ser han ikkje bort frå at anlegget kan bli brukt til meir enn skiskyting.

–I tillegg til løypenettet asfalterer vi også parkeringsplassen. Den kan brukast til rulleskihockey, rulleskifotball eller andre ting ein måtte finne på. Eg kan også tenkje meg at dei som driv med radiostyrte bilar kan bruke delar av anlegget, seier Nils Magne Nedreberg som komande laurdag arrangerer flakedans. Nok eit viktig inntektsbringande tiltak.

Klart for aktivitet: – Når vi er ferdige med å legge asfalt, er det berre for alle aktive, og ungdomar som vil satse på skiskyting å møte opp og ta anlegget i bruk, seier Nils Magne Nedreberg. Foto: Tormod Flatebø
1,1 kilometer rulleskiløype: Torsdag la Veidekke dei siste meterane med asfalt på rulleskiløypene på Skiskyttarstadion på Harpefossen. Foto: Tormod Flatebø