–Naturvernforbundet i Eid og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane ser med stor uro på planane om oppdrett på Hundvikneset. Vi ynskjer ei forvaltning av fjordane våre som gjer at generasjonar etter oss  kan oppleve rike fjordar og hav. Vi ber difor om at Eid kommune nyttar føre var-prinsippet under handsaminga av søknaden til Nordfjord Forsøksstasjon AS og Nordfjord Laks AS. I tillegg må søkjar avklare dei punkta som er mangelfulle eller totalt fråverande i skildringa av prosjektet, skriv Naturvernforbundet i sin konklusjon til søknaden.

Raudlista

–Forundersøkinga ved lokalitet Hundvika i Eid kommune, desember 2016, seier mellom anna om tilstanden i området; det biologisk mangfaldet er vurdert til tilstandsklasse Svært god. I det omsøkte område er det pigghå, ein haiart som står på raudlista. Den har ein levealder på 75 år, og har sild, torsk, børstemark, krabbe, reke og blekksprut som føde, heiter det vidare i brevet til kommunen.

Merknader til søknaden

Søkjarane Nordfjord Forsøksstasjon AS og Nordfjord Laks AS seier at dei treng nye lokalitetar og har store problem med lus i anlegget sitt. Er det noko vi ikkje treng meir av, er det lakseslus.

Hundvika er eit rikt og svært viktig område for fritidsfiske. Her er lyr, torsk og andre fiskeslag og skaldyr. Det vi kan lese oss til er at slike anlegg vil kunne påverke sjøauren i fjordane. Aure har mellom anna lettare for bli smitta av lus.

Sjøauren vert, i motsetnad til laksen, verande i fjordane, og her kan det verte svært høge konsentrasjonar av lakselus på grunn av oppdrett. Sjøauren nyttar fjordane for å ete og vekse og vert dermed sterkt infisert av lakselus og er difor enno meir utsett for lakselus enn laksen.

Regnbogeaure er ein rovfisk som stammar frå Nord-Amerika og er svartelista i Noreg, og har potensiale til å gjere stor skade på norsk natur. Her ser vi likskapstrekk med minken, som kom i 1927 og har vorte ein tragedie for faunaen ved kysten.

I følgje Villaksportalen til Miljødirektoratet vandrar rømt regnbogeaure opp i lakse-, sjøaure- og sjørøyevassdraga våre. I fleire vassdrag er det funne ungar av regnbogeaure, noko som viser at den kan gå opp i elvar og gyte. Dersom denne svartelista auren skulle etablere sjølvreproduserande bestandar i vassdrag med vill laksefisk (laks, sjøaure og sjørøye), vil den kunne fortrenge dei naturlege bestandane. Rømt regnbogeaure er dessutan smitteberar for lakselus og fleire andre sjukdomar.

Vesentlege punkt og moglege verknader som ikkje er tilfredsstillande gjort greie for:

* Har søkjar undersøkt tilhøvet mellom kobbe (fjordsel) og oppdrettsmerdar? Er det fare for skadar og rømming?

* Kveis finst i alle verdshav og lever i tarmen til fisk og sjøpattedyr som sel, kan dette verte eit problem?

* Har støy under og over sjø påverknad på kvalarten nise?

* Er det undersøkt om det er hekkeområde for trekkfuglar på land?

* Er det teke omsyn til rasfare og isforhold?

* Kva med tilkomst til området? Skal ein nytte sjøvegen eller er det tenkt veg? Eit veganlegg vil medføre store naturinngrep og stor belastning på vegen til bygda.

Vi tykkjer her er mye uklare omstende og dårleg heilskapsanalyse av konsekvensane for livet både på land og i sjøen, i tillegg til kva påverknad anlegget vil ha både for buande og besøkande.

Konsekvensar for folk, dyr og andre næringar

Slike anlegg krev store og lange ankerfeste, og ikkje minst legg dei beslag på store sjøareal som er viktige for fritidsfiske. Ved sjølve anlegget er det er ikkje lov å fiske nærare enn 100 meter. Dei fleste blautbotnsartar i området er fleirårige og lite mobile. Desse kan bli skada av kloakkutslepp frå anlegget. Lakselus vert gjerne behandla med legemiddel som kan skade skalskiftet til krepsdyr. Desse midla har fått skulda for at rekene forsvinn og for skader på andre artar av krepsdyr. Det er også uvisse om korleis desse stoffa eventuelt påverkar plankton i næringskjeda.

Omgrepet geoturisme vert nytta om heilskapen i destinasjonen, alt som gjer staden unik, som flora og fauna, historie, vakre landskap, tradisjonell arkitektur, lokal kultur og mat. I Hundvika er det småskala turisme. Her kan turistar og besøkande oppleve rekreasjon og ro, og eventuelt drive med fjordfiske. Med slike anlegg følgjer det med støy og lysureining, i tillegg til ureining frå anlegget.

Vi kan sjå at her er det mange og uheldige sumeffektar som vil kunne oppstå som følgje av slike anlegg, mellom anna nedbygging av natur- og kulturlandskapsverdiar. Generelt er fjordlandskapa i Sogn og Fjordane unike i internasjonal samanheng. Fjordane på Vestlandet er sentrale i marknadsføringa av Noreg.