– No er eg ferdig på vidaregåande skule på Lillehammer der eg har fått alt på dekka bord. No blir ein vel kasta litt ut i livet, seier Johan-Olav Smørdal Botn som var ferdig på Norges Toppidrettsgymnas (NTG) i juni der han har gått dei siste tre åra. No er planen å satse for fullt på skiskyting i to år før det blir ei vurdering etter det. Trass i at han er ferdig på NTG, skal han framleis bu på Lillehammer, og 7. august reiste han tilbake for å ta fatt på den nye sesongen.

– Lillehammer er den beste staden å satse på ski ettersom der er veldig stabilt med snø og kulde. I år var det snø frå rundt oktober til mai. Det er veldig fine forhold og god tilrettelegging med to skiskyttaranlegg i verdsklasse, fortel Johan-Olav.

Høgre nivå

Når sesongen startar for fullt igjen i vinter, skal Johan-Olav konkurrere mot dei som er eitt år eldre for å forberede seg til seniornivået. I år blir dermed motstanden litt tøffare enn i fjor, noko han gler seg til.

– Det er bra å ha noko å strekke seg til, seier målbevisste Johan-Olav som allereie har sette seg mål for sesongen.

– Målet er å få til topp tre plassering i Norgescupen og fortsette den positive framgangen, fortel han.

– For å bli topp fem må du ha topp skyting og vere bra i sporet, for dei som er eitt år eldre har høgt nivå, legg Johan-Olav til.

Starta lag

Då NTG var ferdig i juni, ønskte Johan-Olav og fire andre i klassa hans å fortsette med skiskyting saman. Det var rom for å lage privatlag og timinga passa veldig godt. Saman med Simen Hårstad frå Renneby, Odin Garlid frå Soknedal, Eirik Kjøl Tornes frå Eide og Jo Brøste Nørstegård frå Lesja, starta Johan-Olav dermed privatlaget Team Hugaas.

– Eg og Simen som eg bur saman med, begynte å tenke litt på å starte lag, og det var lett å få med dei tre andre. Vi har fått god hjelp av foreldra våre, fortel han og legg til at sidan dei har gått i same klasse i tre år så er styrken deira samhaldet.

Team Hugaas har klart å skaffa Kjell Ove Oftedal, tidlegare trenar på landslagsnivå, som trenar.

– Det er veldig stas for han har god peiling, seier Johan-Olav.

Treninga godt i gong

Sjølv om det har vore sommar, har ikkje Johan-Olav lagt på latsida. I juli hadde han rundt 90 treningstimar.

– Treninga er godt i gong. Særleg om sommaren kan ein trene litt sånn ein ynskjer og det har difor blitt ein del kilometer på sykkel.

No når han reiser tilbake til Lillehammer blir det mindre trening aleine, og meir trening saman med lagkameratane.

– Det blir fellestreningar kvar dag, av og til to gongar dagleg, fortel han.

Men det er ikkje berre trening Johan-Olav skal til med i haust. Han har søkt årsstudium i idrett på Høgskulen i Innlandet. Ifølgje skiskytaren er studiet lagt opp til at ein kan trene mykje ved sidan av.

– Studiet passar ganske bra når ein skal trene mykje, så det trur eg skal bli bra. Lillehammer er den beste plassen å satse på, og det gjer at mange er der for å satse. Idrettslinja er difor lagt opp til at ein kan trene mykje ved sidan av, fortel Johan-Olav som akkurat har flytta nærmare stadion.

– Det blir kort veg til stadion og treninga, medan det blir lang veg til skulen. Der ser ein vel kva som er hovudprioriteten.