Grunnarbeidet starta i april, og no er første huset snart klart for legging av tak.

God etterspurnad

Dagleg leiar Vegard Meland fortel at firmaet hans Din Bustad As, som var starta for to år sidan, hadde ein omsetnad på 20 millionar kroner i 2017, og vil truleg nå same summen i 2018.

Dei opererer i heile Nordfjord, og opplever god etterspurnad etter deira bustadar. Bustaden dei no byggjer i Golvsengane er det første i ein serie på fire bygningar. I prosjektet ligg det i alt ni leilegheiter, fordelt på to- og tremannsbustader. Planen er å byggje eitt hus eller to per år framover.

Stor investering

Meland fortel at dei reknar med å investere om lag 30 millionar kroner i Golvsengane, og reknar det som ei god investering, sjølv om bustadbransjen er ein tøff bransje. Ei av dei to første leilegheitene er selt, og den andre er reservert for ein kjøpar. Dei vil vere klare til innflytting i februar/mars.

Bruksarealet er på 132 rutemeter og prisen er frå 3 600.000 kroner.

MINIKRANSELAG: Litt feiring med kake høyrer med når sperrene er på plass: F.v. Vegard Meland (38) dagleg leiar med sonen Peder Meland (8), Nikolai Hunvik (18) tømrarlæring, Torgeir Melheim (28) byggjeleiar og Svein Lasse Bødal (52) tømrar. Foto: Per Ole Lefdalsnes