Namn: Ragni Marie S. Rasmussen

Alder: 33 år

Bustad: Sørsida av Eid

Familie: Sambuar og born

Husdyr: Katt og sauar

Yrke: Butikkeigar

Kva planar har du i sommar?

– No er vel den snart ferdig. Men det har gått i butikken, Syden og Malakoff. Det er det eigentleg. Eg har fått gjort mykje.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Eg trur kanskje det må vere sommarkurs med korpset.

Kva er di draumereise og kva tre personar ville du hatt med?

– Å reise tilbake til Kina. Kanskje ein reunion tur med Kina-linja på folkehøgskulen. Ingen nemnt, ingen gløymt.

Korleis ser ein perfekt sommarkveld ut?

– Det er strikketøy på verandaen, solnedgang og med noko godt i glaset.

Det blir ikkje sommar utan…

– Det første eg tenkte var Malakoff.

Favorittmat/drikke om sommaren?

– Skaldyr, salat og Prosecco.

Ditt beste tips til kva ein kan gjere på Eid i sommar?

– Det må nok vere å nyte Eidsgata.

Har du nokre hobbyar?

– Det blir jo strikking då.

Kva er du flink til, og kva er du dårleg til?

– Eg er god til å vere omgjengeleg. Eg kan bli meir strukturert og planlegge meir.

Beskriv deg sjølv med tre ord?

– Omgjengeleg, glad og litt distre.

Er det noko du engasjerer deg for?

– Eg engasjerer meg for å behalde Eidsgata og dei lokale butikkane.

Kven eller kva ville du tatt med deg til ei aude øy?

– Eg ville nok ha reist aleine med strikketøyet.

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær?

– Det aller første eg ville gjort var å gjere ferdig oppussinga av huset. Og så ville eg nok ha teke med familien på ein lang ferie ein stad.

Kven vil du gje ein blome til?

– Det skulle no ha blitt blome til mamma og pappa.

Kva syntest du om at Eid og Selje skal bli Stad kommune?

– Det er heilt fint.

Kva er den beste sommarlåten 2018?

– Årets sommarlåt er Ignite. Den låten har eg høyrt ganske mykje på. Nesten så mykje at eg begynner å bli litt lei.

Draumeartist til Malakoff?

– Noko draumeartist har eg faktisk ikkje. Eg er glad i musikk, men eg er ikkje så oppteken av ting og tang.

Kva skal du lese i sommar/beste sommarbok?

– Det blir lite lesing, og mest strikking altså.

Kvar kunne du tenkt deg å bu?

– Eg har akkurat flytta heim, så eg er i grunn glad og nøgd der eg bur no.

Korleis ser framtida ut?

– Framtida den ser bra ut. Den ser god ut med tanke på masse kundar i butikken og at eg skal ha det godt med familien og vennar. Det er vel slik det eigentleg ser ut.

Les fleire sommarpratar her