Det seier Arne Hjelle Strand som saman med sin komande ektefelle, nett har lagt bak seg 2730 kilometer på sykkel. Norge på langs, frå Nordkapp i nord til Norge sitt sørlegaste punkt, Lindesnes fyr i Vest Agder.

Møttest i Trondheim

Arne Hjelle Strand er eidar. Han har fagbrev som energimontør. Læretida gjekk han i Stryn Energi. No går han på NTNU i Trondheim og studerer til sivilingeniør innan Energi og miljø. Natalie Lie kjem frå Sandnessjøen. Er nyutdanna lærar, og jobbar som lærar i barneskulen i Skaun kommune. Arne og Natalie møttest i Trondheim. No har dei altså sykla landet på langs. Men kva var det som fekk dei til å legge ut på den lange turen frå Nordkapp til Lindesnes?

–Eg kjenner ein del folk som har gått Norge på langs. For oss var det uaktuelt, fordi det ville ta altfor lang tid. Vi kunne ikkje bruke meir enn den tida vi har brukt – 31 dagar. Natalie er i full jobb, og eg har studiane, seier Arne.

–Vi er veldig glade i både og gå turar i fjellet og ikkje minst å dra på sykkelturar. Å få med seg gode naturopplevingar er viktig for oss. Då er det kanskje naturleg å ta ein langtur og oppleve det Norge har å by på frå sykkelsetet. Iallfall ein gong i livet, seier Natalie.

Tung start

Både Arne og Natalie vedgår at starten på turen kanskje vart litt tyngre enn dei hadde sett føre seg.

–Først må vi seie at å legge ut på ein sykkeltur på 2730 kilometer var heilt nytt for oss. Vi hadde null erfaring med den type sykkelturar. Turen starta med at vi tok fly frå Værnes, via Tromsø til Honningsvåg.

–Då vi nærma oss Hammerfest fekk vi beskjed om at tett havtåke over Honningsvåg gjorde at flyet ikkje kunne lande der. Då vart det buss frå Hammerfest til Honningsvåg, der vi fekk pakka ut og montert syklane. Deretter var det å ta pedalane fatt å kome seg opp på Nordkapp-platået.

Blogg

Under heile turen oppdaterte Natalie og Arne ein blogg som skildrar opplevingane undervegs. Slik beskriv dei turen frå Honningsvåg til Nordkapp-platået. «På kartet ser alt flatt ut, men dei tre korte mila frå Honningsvåg til Nordkapp var tre lange mil med motbakkar og dårleg vêr. På vegen var det tjukk tåke og motvind, og innimellom dukka det opp reinsdyr i tåka. Timen før midnatt stod vi på Nordkapp-platået i tjukk tåke, kuling og 4 grader. Dei tyske bussturistane var imponert over oss. Vi vurderte ei stund å ta rutebuss tilbake til Honningsvåg, men enda med å sykle tilbake cirka 13 kilometer der vi hadde sett ein fin teltplass. Klokka 02.00 var vi i soveposane.»

–Kvifor blogg?

–Poenget er at det i ettertid ikkje er så lett å hugse alt ein opplever på ein tur som dette. Så både for vår eigen del, og kanskje ikkje minst for familie og vener, er det kjekt å kunne dokumentere turen gjennom Norge gjennom ein blogg. Det er også ein grei måte for familie å kunne følgje med oss, så lenge bloggen blir oppdatert kvar einaste dag.

–Blir det bok?

–Kanskje for vår eigen del. Vi får sjå. Vi har jo andre i familien som har gitt ut bok, seier Arne og siktar til pappa Nils Ola som gav ut bok rette før jul i fjor.

Fint vêr

I Sør-Norge har vi hatt ein sommar som har vore både tørr og varm. I nord måtte dei vente både varmen og sola, men den kom – til slutt.

–Bortsett frå nokre få dagar lengst nord i landet, har vi hatt retteleg fint vêr. Frå Nord-Norge har vi mange flott opplevingar, seier Natalie og Arne som spesielt nemner Andøya og sykkelturen Senja rundt.

–På Senja fann vi ein del plassar som godt kunne tenkje oss å reise tilbake til. Mange reiser verda rundt for å oppleve den fantastiske naturen i dette området. Vi opplevde det i sakte kino frå sykkelsetet og på dei plassane vi stoppa, seier Natalie som etter kvart nærma seg eigen heimtrakter på Helgeland. Men før Arne og Natalie kom så langt så vart turen lagt innom både Vesterålen og Lofoten.

Gjestfritt

–Andre som har sykla eller gått Norge på langs har sagt at dess lenger sør ein kjem i landet, dess mindre blir gjestfridomen. Opplevde de noko liknande?

–Nei det kan vi ikkje seie. Eit døme på kor gjestfrie folk er kan vi nemne. På Lyngseidet i Troms spurde vi ein mann om han hadde nokre gode tips om kor vi kunne slå finne ein bra teltplass. Svarte vi fekk var at vi kunne telte kor som helst på tomta han. Dette kunne vi sjølvsagt ikkje seie nei til. Vi fant ein fin teltplass ved sjøen med panoramautsikt. Vi fekk også tilbod om å låne bad og handdukar, og med 500 kilometer med sveitte på kroppen var dette akkurat det vi trengde. Etter å ha fått låne den mest avanserte dusjen vi hadde sett var vi veldig nøgde. Veldig kjekt å oppleve slik gjestfridom.

Trafikken

–Trafikk er ofte eit problem som kan vere utfordrande for syklistar. Korleis opplevde de bilistane – tok dei omsyn?

–Stort sette så gjekk det greitt. Det store fleirtalet hadde tydelegvis fått med seg skilta om å dele vege. Men det var sjølvsagt unntak her, som i dei fleste samanhengar. Vi hadde utstyrt oss med spegel som vi fest på hjelmen, slik at vi kunne halde auge med trafikken bak oss. For å kome oss trygt gjennom tunnelane hadde vi monterte eit blitzregn bak på syklane for å vere sikre på å bli sett av trafikken bak oss. Ikkje heilt sikker på om alle bilistane var like glade for dette, men for oss handla det om å kome trygt fram. Tunnelane var den største utfordringa. Spesielt Nordkapptunnelen, som er ein undersjøisk tunnel med bratt utfor i den eine enden og bratt oppover i den andre, seier Arne.

Fjellovergangar

Natalie og Arne la mykje arbeid i planlegginga av truen. Meir eller mindre var dagleg distanse lagt opp på førehand, noko som også betydde at dei hadde plotta inn kor dei skulle telte kvar kveld.

–Dagsetappane var 100 kilometer. Ut frå ruta vi hadde valt, som gjekk midt gjennom landet, ville det bety 27 dagar på sykkelen, med innlagt tre kviledagar. I og med at vi valde den ruta vi gjorde, så betydde det ein del fjellovergangar. Nokre meir utfordrande enn andre. Den mest heftige, sjølv om den ikkje var den lengste, var nok stigninga frå Dalen i Telemark og opp på fjellet til overgangen til Setesdal. Men før vi kom så langt hadde vi vore over mange overgangar, store og små. Ottadalen og dei bratte bakkane opp på Valdresflya der høgste punkt er 1389 meter over havet, var ein av dei heftigaste, om vi ser bort frå stigninga frå Dalen som vi allereie har nemnt

Motvind

–Korleis var det med vind?

– Det er eit kapittel for seg sjølv. Vi hadde to og ein halv dag med medvind på helle turen. Vinden kjem stort sett frå sørvest, noko som betyr motvind. Men vi vart vande med det – etter kvart.

Med målet i sikte

Natalie og Arne noterte flittig, som allereie nemnt, kva dei hadde vore gjennom dag for dag i bloggen sin. Alt frå møtet med storelgen i stigningane frå Randsverk til Valdresflye, til dei stille stundene i telt langs vegen og møtet med folk langs ruta. For kvart trykk på pedalane kom målet, Lindesnes fyr, nærmare og nærmare.

I bloggen skriv Natalie og Arne: «Elleve 11 kilometer frå Lindenes fyr vart vi tatt igjen av far min, som hadde køyrt heilt frå Nordfjordeid for å hente oss. Han tilbaud å frakte bagasjen til fyret, men vi var redde for at dei nye køyreeigenskapane til syklane ville medført høg risiko for uhell, så vi avslo. Tre kvarter seinare rulla vi inn til fyret, der velkomstkomiteen (pappa) stod klar. Vi tok oss god tid til å ta bilete, til andre bilethungrige sin store frustrasjon. Sjølve fyret er innesperra og ein må kjøpe billett for å komme seg dit, men vi fekk komme inn gratis etter den lange sykkelturen. Pappa sneik seg også gratis inn under hatten «fotograf» i crewet vårt. Der tok vi ein runde opp i fyret, og såg på utsikta og kjende på vinden.»

Hadde det ikkje vore for at Arne hadde eit ekstra kort i ermet, så hadde denne historia slutta her. Men som elles, i stort sett alle samanhengar kjem rosina i den berømte pølsa, til slutt.

Fridde

«Eigentleg heilt sida vi opplevde soloppgangen frå toppen av Galdhøpiggen i fjor hadde eg tenkt på at eg ville fri til Natalie. Etter å ha vore så tett på henne i ein månad visste eg at vi greier å takle motgang, dårleg søvn og å vere veldig slitne i lag. Eg fridde i fyret og fekk ja! Heldigvis aksepterte ho ringen kjøpt på leikekjellaren på Evje, med lovnad om å finne ein meir passande etter kvart. Etterpå møtte vi fyrvaktaren, ikkje fyrbøtaren som eg var så frekk å spørje om han var, og skreiv i den eksklusive Norge på langs-boka hans.»

Er du interessert kan lese meir frå turen her

I tåke og fire grader: Her er Arne og Natalie på Nordkapp, startstreken på den månadslange turen Norge på langs. Foto: Privat
Ned frå platået: Det var frigjerande å kome seg ned frå Nordkapp-platået med tett tåke og fire grader. Foto: Privat
Utfordrande: Tunnelar var utfordrande. Spesielt Nordkapptunnelen som er ein undersjøisk tunnel med utforbakke i den eine enden og kraftig stigning i den andre enden. Foto: Privat
Gjestfritt: – Vi møtte mykje gjestfridom på turen. Her teltar vi hjå ein mann i Troms, som ikkje berre ordna teltplass, men som også lånte bort dusj og det som høyrer med. Foto: Privat
Lyngen: Det er mektig natur i nord. Her frå Lyngen. det var i dette området Jan Bålsrud rømde frå tyskarane under andre verdskrig. Foto: Privat
Freista ikkje: Å byte ut telt med ei gamal gamme freista ikkje. Foto: Privat
Syklist i tunnel: I ein del tunnelar kan syklistar trykke på knappen som viser andre vegfarande at det er syklistar i tunnelen. Foto: Privat
Søte bær: Matauk i vegkanten kom godt med. Foto: Privat
Fjellovergang: Turen opp på Valdresflye var den mest krevjande av fjellovergangane Foto: Privat
Standsmessig: Kanskje det kunne vore ein ide og tatt denne bussen opp dei bratte stigningane frå Dalen? Foto: Privat
Nærmar seg: Som dette skiltet viser er det snart ende på ein lang sykkeltur for Arne. Foto: Privat
Framme: Etter 2730 kilometer på sykkelsetet kan Natalie og Arne parkere syklane sine på Lindesnes fyr. Foto: Nils Ola Strand
Fridde på fyret: – Eg fridde i fyret og fekk ja! Heldigvis aksepterte ho ringen kjøpt på leikekjellaren på Evje, med lovnad om å finne ein meir passande etter kvart, skriv Arne Hjelle Strand i bloggen etter at han hadde fridd til Natalie i toppen på Lindesnes fyr. Foto: Nils Ola Strand