Sparebanken Vest fekk i første halvår 2018 eit resultat før skatt på 1.079 (868) millionar kroner og ein eigenkapitalavkastning på 12,5 prosent (10,7 prosent). Rein kjernekapitaldekning er 15,0 prosent (14,7 prosent). God kvalitet i utlånsportefølja medfører at det for halvåret totalt vert inntektsført 34 (minus 50) millionar kroner frå tidlegare nedskrivingar på tap og garantiar.

Oppjusterer utbyteforventing

Det er tidlegare signalisert at utbyte for regnskapsåret 2018 vert venta å liggja i nedre del av intervallet 25-50 %. Banken har vedteke oppjustert utbyteforventing for inneverande år og auka langsiktig mål for kontantutbyte.

–Banken leverer eit sterkt resultat i kvartalet og for halvåret. Resultatet for første halvår er prega av betra rentenetto grunna auka utlånsportefølje, auka inntekter frå finansielle instrument og låge tap. Basert på resultata hittil i år, forventingane for resten av året og kapitalsituasjonen til banken, vert utbyteforventinga no auka til om lag 40 prosent for regnskapsåret 2018. Det inneber og ei auke i utbyte til den største eigaren i Sparebanken Vest, nemleg Vestlendigane sjølve. Slik det ser ut no vil me kunne dele ut mellom 300 og 400 millionar kroner til gode prosjekt neste år, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

Blant dei to beste

Målsettinga er at eigenkapitalavkastninga i Sparebanken Vest over tid skal vere blant dei to beste av samanliknbare regionsparebanker.

–Dei langsiktige måla til banken på eigenkapitalavkastning vert oppjustert frå 11 prosent til 12 prosent. Framleis flat kostnadsutvikling, fleire sjølvbetente løysingar og automatiserte prosessar, kundevekst og god kredittkvalitet skal samla bidra til å nå dette målet, seier Kjerpeseth.

Auka mål for utbyte

Styret har vedteke ein justering av banken sin utbyttepolitikk, og gjennom det signaliserer eit høgare langsiktig mål for kontantutbyte: «Når ein tek omsyn til soliditeten til banken, strategi og utvikling er målet at inntil 50 prosent av årets overskot nyttast til utbytemiddel.»

Satsar nasjonalt på SMB-marknaden

I ein stadig meir digital bankkvardag vert det geografiske nedslagsfeltet òg utvida for Sparebanken Vest utan at banken konkurrerer med seg sjølv. Når Sparebanken Vest i 2018 satsar med to heilt nye SMB-løysingar, Buffer og Folio, så vert satsa det i heile Noreg.

–Vi veit at likviditet er ein av dei største utfordringane SMB-føretak har, og ved å gje Buffer tilgjenge til rekneskapen til føretaket kan eit selskap låna pengar basert på det kundane til kvar og ei tid skuldar. Føretaket får løyst behovet sitt raskt og enkelt, utan behov for dyr og komplisert factoring, kassekreditt eller personleg tryggleik, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth.

Sparebanken Vest investerer òg inntil 25 millionar kroner i finansteknologiselskapet Folio, og banken skal saman med selskapet satsa mot den nasjonale SMB-marknaden.

–Folio utviklar ei teneste der kundane på éin enkelt stad kan utføra mellom anna betaling, bokføring, likviditetsstyring og løn utan å logga seg inn i fleire system. Buffer vil vera ei av tenestene som vil vere tilgjengeleg i den nye løysinga, seier Kjerpeseth.

Digital sjølvbetening og ny betalingsplattform

Sparebanken Vest har i første halvår lansert fleire sjølvbeteningsløysingar som vil auka sal, forenkla kundeopplevinga og effektivisera drifta til banken:

•  Sjølvbetent løysing for å kunna auka bustadlånet i mobil- og nettbank. Sidan lansering i juni har over 12.000 kundar vore inne og sett på løysinga og nærare 600 har gjennomført søknadsprosessen.

•  Over 2.400 nye barnekundar gjennom enkel digital løysing for å oppretta kundetilhøve for barn.

• Sjølvbetent løysing for utlandsbetaling erstattar 17.000 årlege kontakter til kundeservice.

• Første bank i Noreg med e-faktura som push-varsel i mobilbank.

Forutan nye sjølvbeteningsløysingar har banken òg i andre kvartal gjort store endringar knytt til banken sin betalingsplattform. I ein saumlaus overgang er betalingsprosessar flytta frå ekstern leverandør til banken sin eiga digitalbank-løysing.

– Med dette grepet er både grunnmur og første etasje på plass i utviklinga av èin felles digitalbank, uavhengig om kunden nyttar mobil, pc eller ein anna eining.  Sparebanken Vest er no herre i eige hus når det gjeld utviklinga av framtida si digitalbank og kan framover raskare introdusera nye digitale løysingar. Forvaltingskostnadane vil òg gå ned som følgje av omlegginga, fortel Jan Erik Kjerpeseth.

Solid underliggande bankdrift

Netto renteinntekter var i andre kvartal 649 millionar kroner mot 631 millionar kroner i same periode i fjor. Driftskostnadane i andre kvartal er 367 millionar kroner (360 millionar kroner). Korrigert for 6 millionar kroner i omstillingskostnader i kvartalet viser kostnadane ei flat utvikling.

–Kostnadskontroll er særs viktig for å nå dei ambisiøse finansielle måla til banken. Vi er svært nøgd med kostnadsutviklinga i ei tid der omstillings- og utviklingstakta i banken er høg, og vi forventar ei flat kostnadsutvikling òg framover, seier Kjerpeseth.

Eigedomsmeklar Vest

Eigedomsmeklar Vest hadde eit bra andre kvartal med eit resultat før skatt på 12,5 millionar kroner (10,1 millionar kroner), og hittil i år på 11,7 millionar kroner (8,1 millionar kroner).

–Mengder bustader selskapet har selt hittil i år er på nivå med fjoråret og ordreinngangen til tredje kvartal er god. Sjølv om resultata viser betring samanlikna med føregåande år, vert det framleis arbeidd for fullt med å styrkja marknadsposisjonen. Selskapet vil i tida framover auka synlegheita og talet på meklarar, og vi forventar å sjå resultat av dette, fortel Jan Erik Kjerpeseth.

Del resultat frå tilknytta selskap er innarbeidd etter eigenkapitalmetoden med til saman 54 millionar kroner (20 millionar kroner) i andre kvartal 2018 . Akkumulert for første halvår 2018 er bidraget 46 millionar kroner (48 millionar kroner). Fusjonen mellom Vipps, BankAxept og BankID påverkar bidraget frå tilknytta selskap med 28,8 millionar kroner i form av oppregulering av Balder Betaling AS.

–Resultat frå tilknytta selskap viser ei positiv utvikling samanlikna med første kvartal. Første kvartal var utfordrande for Frende Forsikring, medan resultatdelen til banken på 18 millionar kroner i andre kvartal viser at den gode utviklinga frå 2017 held fram. Frende Skade held fram å auka marknadsdelen og har no 159 000 kundar, opp frå 142 000 ved utgangen av andre kvartal 2017. Brage Finans har kome skikkeleg opp i fart og forbetrar resultatet i andre kvartal med 70 prosent samanlikna med same periode ifjor, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth.

HOVUDTAL ANDRE KVARTAL 2018 (2017 I PARENTES):

Resultat før skatt: 630 MNOK, (436 MNOK)

Resultat/vatna ut resultat pr eigenkapitalbevis: 1,84 (1,28) kr

Rentenetto (annualisert): 1,42 % (1,49 %)

Kostnadsprosent: 37,6 % (44,7 %)

Eigenkapitalavkastning (ROE) (annualisert): 14,9 %, (10,7 %)

HOVUDTAL FØRSTE HALVÅR 2018 (2017 I PARENTES):

Resultat før skatt 1.079 MNOK (868 MNOK)

Resultat/vatna ut resultat pr eigenkapitalbevis: 3,07 kr (2,54 kr)

Rentenetto (annualisert): 1,45 % (1,48 %)

Kostnadsprosent: 42,0 % (44,5 %)

Eigenkapitalavkastning (ROE) (annualisert): 12,5 % (10,7 %)