Fjordabladet har ti billettar til NM i friidrett på Byrkjelo, som går av stabelen fredag til søndag denne veka. Dei vil vi dele ut til våre lesarar. Blant dei som sender inn rett svar på spørsmålet, vil fem vinnarar få to billettar kvar.

Det einaste du treng å gjere er å sende inn rett svar på følgjande spørsmål: Kva år er Jakob Ingebrigtsen fødd?

Du må sende inn svaret innan torsdag klokka 08.00 for å vere med i trekkinga.

Svaret sender du til redaksjon@fjordabladet.no.

Vinnarane vil bli kontakta, og kan hente billettane i Fjordabladet sitt lokale i Rådhusvegen på Nordfjordeid.