Endre Hjelle har sendt klage til fylkesmannen om oljeureining i Eidselva.

I klagen skriv Hjelle:

«Tysdag 24.07.18 kl. 15.30 var eg ved ein populær tursti ved Eidselva i Malakoff på Eid kommune sin grunn. Om lag ved starten av muringa på elveforbygginga kjem det ut eit dreneringsrøyr. Frå røret rann det ei gråsvart væske. Det var og ein tydeleg oljefilm på vatnet. Den gråsvarte veska farga vatnet 150 meter nedover elva langs med land om lag 2 – 5 meter. Eg såg ikkje botnen den fyste meteren ut frå muringa på gangvegen. Det låg ein daud aure 25 meter nedanfor utløpet av røret om lag ein meter frå land. Den låg i ei lita vik ovanfor ei trapp som er mura ned i elva. Såg auren var om lag 10 -15 cm lang. Eg tok bilde av fisken og røyret med område rundt. Ville ta med auren for å sende han til gransking. Gjekk bort til bilen min 30 meter innanfor for å hente ein pose til fisken, men då kom det ein måse å tok auren. Tok prøver av vatnet ut av røret og av grusen ein meter utanfor røret. Ureining frå dette røret har eg gitt munnleg melding om for minst ti år sidan. Fekk då beskjed om å henge opp ei flaske med Zalo slik at det dryp for å bryte oljefilmen. Naturvernforbundet på Eid har og jobba med saka utan å få svar på kva utsleppet er for noko, skriv Endre Hjelle til Fylkesmannen.