Cruise Europa er ein organisassjon for over hundre cruisehamner i Europa. Dagleg leiar er Jens Christian Skrede, og styreleiar er Captein Michael McCarthy. Dei to var i førre veke på besøk til fleire cruisehamner som Olden, Geiranger og Ålesund. Torsdag brukte dei dagen på Eid, for å sjå på den nye seawalken og Nordfjordeid som cruisedestinasjon.

–Det beste her er at cruiseturistane kan gå berre fem minutt frå skipet og rett inn i denne koslege småbyprega staden. Her finn ein det ekte og opphavelege. Ein stad der folk lever og held på med sine daglege gjeremål. Samt at historia ligg i veggane i den eldre trehusbebyggelsen, sa Captein McCarthy som også let seg imponere over jobben som er gjort på marknadsida.

Port of Nordfjordeid

Port of Nordfjordeid er eit underselskap/marknadsføringsselskap til Seawalk Nordfjord. Eli Førde Aarskog har vore tilsett i 20 prosent stilling sidan nyttår. Den tida har ho nytta i samarbeid med mellom andre Visit Nordfjord. Resultatet er marknadsføring gjennom nettsida Port of Nordfjord. Her kan cruisselskapa og turistane få informasjon aktivitetar tilknytt Eid som cruisedestinasjon. Det handlar om turar vestover til kysten av Nordfjord, og turar innover mot indre Nordfjord og Briksdalsbreen. Og ikkje minst cruiseday Nordfjordeid som eit begrep.

–Cruiseday Nordfjord beskriv alt ein kan gjere når ein går i land på Eid. Utflukter og lokale tilbod som Sagastad, Hestesenteret, vandring i Eidsgata og Eid sentrum, turar ut i naturen til fots, seier Eli Førde Aarskog som har fått endå meir blod på tann etter så gode tilbakemeldingar frå Michael McCarthy.

–Michael har jobba innan cruiseturismen i mange år, og besøkjer mange hamner. Men at vi har klart å få booka 22 cruiseskip til første sesong beskriv han som ny rekord. Det har vel kanskje aldri skjedd før. Han er også svært imponert over den gode marknadsføringa og gjev den poeng ni på ein skala frå null til ti, seier Førde Aarskog. No skal ho jobbe vidare med å få på plass logistikken i høve til cruiseanløp.

–No har vi fått ut informasjon og gjestane kjem. Men minst like viktig er å vise at vi kan levere. Den jobben startar no.

Port of Nordfjordeid: Om vel ni månader kjem den første av 22 skip i sesongen 2019 til Eid.