– Eg håper og trur prosessen vil engasjere fleirtalet av innbyggjarane. Vi er i innsamlingsfasen og no er det viktig å engasjere seg, og ikkje når vedtak er gjort, seier ordførar Stein Robert Osdal.

– Å kome i gang med namneprosessen var viktig for både samfunnstryggleik og for å få eit einskapleg system også i Selje, seier han.

Svarfrist for forslag til vegnamn er 14. september. Til no har det kome inn over 30 forslag, til dømes Nabben og Reset. – Det har også vore arrangert bygdemøte spontant for å samkøyre bygdene, og det er positivt, seier ordføraren.

Ujamt i Nordfjord

Fleire og fleire kommunar ser viktigheita av å ta i bruk vegadresser, opplyser Statens kartverk. Per juli i år var det berre fem kommunar i landet som står igjen – heilt utan vegadresser. Selje er ein av dei.

Selje er i 0-prosentklubben saman med Krødsherad, Rødøy, Beiarn og Agdenes.

I Nordfjord elles er Vågsøy best, der 100 prosent av husa har vegadresser. Gloppen 88,68 prosent, Eid 88,49 prosent, Hornindal 54,78 prosent, Stryn 23,90 prosent, Bremanger 20,50 prosent og Selje altså 0 prosent.

Mange fordelar

Det var i september i fjor at Selje kommunestyre vedtok at det skal tildelast offisielle vegadresser i heile kommunen.

Ein innser at det er mange og store fordelar med presise adresser, både ved utrykking, distribusjon og også annan offentleg og privat tenesteyting.

Plan og utvikling i Selje kommune vil utføre det administrative arbeidet. Reidar Sandviknes er prosjektleiar. Det er også valt ei namnenemnd som skal vere rådgjevande organ i arbeidet. I denne nemnda finn ein John Leikanger, Marita Aarvik, Terje Ødegård, Veronica Hatlenes og Sigbjørn Hjelle. Vara er Henrik Aaland og Hanne Marie Utvær.

Selje kommune ber privatpersonar og bygdelag kome med namneforslag på vegar, kulturverdiar og lokale stadnamn.

Viktig: – Det er viktig å engasjere seg no og ikkje når vedtak er tatt, seier Osdal. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes