I Selje kommune er det bygdekino på Barmøya og på Ytre Stadlandet. Selje sentrum har ikkje fast kinoframsyning, bygdekinoen der blei lagt ned for nokre år sidan. Men gjennom året er det fleire frå Flatraket i sør til Selje sentrum i nord som tek turen til Barmøya for å gå på kino der. Ein tur over med ferja for å gå på kino i det tidlegare skulehuset, no grendahus.

Populære filmar

Roar Bakke er kinomaskinist for Bygdekinoen i region Nordvest. Det vil seie 22 stadar for vising av kino i Sogn og Fjordane og Søre Sunnmøre. Han fortel at kinoen på Barmøya er i ei unik stilling.

–På Barmøya bestiller dei film når dei vil sjå nokre av dei mest populære filmane. Det betyr at dei har kinoframsyning sann rundt 4 til 6 gonger i året. Då møter folket på Barmøya jamnt opp, i tillegg til fleire frå fastlandet, seier Bakke som fortel at kinopublikum på Barmøya kan vere frå fem til 90 år.

–Typisk er ei blanding av alle aldrar. Og med eit såpass lite lokale blir det ei intim framsyning, seier Bakke.

Eldsjeler

–Bygdekinoen er avhengig av eldsjeler som stiller opp med praktisk arbeid. Det handlar om å låse opp lokalet, setje fram stolar og elles forefallande arbeid som å drive kiosken, seier Bakke som trur det sosiale kring bygdekinoen er like viktig som sjølve filmen.

–Når det er kino på Barmøya, får folk også eit høve til å møtes. Det er sosialt og ofte er kioskutvalet meir enn brus og popkorn. Folk møter gjerne opp i god tid for å slå av ein prat, seier Bakke som bestemt trur at bygdekinoen har ein misjon for sosialt treffpunkt ute på bygdene.

–Mange stadar i Sogn og Fjordane er det ikkje så lett å kome seg til sentrum på kveldstid. Det er magert med busstilbod og gjerne lang reiseveg for mange, seier Bakke som sjølv har vore kinomaskinist i dette fylket i over tretti år.

–Eg ser heilt klart at bygdekinoen er liv laga. Det er faktisk betre frammøte no enn då eg starta opp for tretti år sidan, fortel Bakke som opplyser at mange er kreative når det gjeld ramma kring kinoframsyninga.

Sofa og rørstolar

–Komforten i dei ulike lokala kan variere alt frå sofa til rørstolar. Det er berre fantasien som set grenser for kor behageleg ein vil ha det medan filmen blir vist. Det eg hugsar best var to karar som kom med kvar sin stressless i frontlessaren på traktoren. Desse stolane bar dei inn i lokalet for å sjå på film. Dette skjedde på ein bygdekino i Gloppen, seier Bakke som opplever bygdefolket på Barmøya som svært engasjerte i høve til å ta vare på kinotilbodet på øya.

Oppgang i Kjølsdalen

Innanfor nye Stad kommune er det i dag tre faste spelestadar for bygdekinoen. Det er Barmen, Ytre Stadlandet og Kjølsdalen. Så viser bygdekinoen film på 17. mai i Selje og på Bryggja. Elles har Ålfoten også bygdekino. I Kjølsdalen held publikumstalet seg ganske stabilt, med ein liten oppgang frå vårhalvåret 2017 (170) til vårhalvåret 2018 (192).

Besøk bygdekinoen:

Kino 2016 2017 2018

Barmen 0 21 86

Kjølsdalen 190 170 192

Ytre Stadl. 258 332 186

Ålfoten 190 202 168

Selje 112 92 56

Bryggja 51

Dette er tal for dei ulike vårhalvåra. Selje og Bryggja viser film berre på 17. mai.

Alle aldersgrupper: Når det blir snurra film på Barmøya møter både bestefar og barnebarna opp. Kaffien er nytrakta og stemninga er god inne i det tidlegare skulehuset. foto: privat
Sosialt: Bygdekinoen er ein sosial møteplass. –Viktig å møtast i den verklege verda, ikkje berre på sosiale media, seier Roar Bakke som no gler seg til publikumsfavoritten Mamma Mia. foto: bygdekinoen
Dugnad: Folket på Barmøya steller flittig med grendahuset sitt, som blir brukt mellom anna til juletrefestar, basar, 17.mai og kino.