Allereie 1. august tok ho til i stillinga som rektor, og overtek rektorstolen etter Nils Petter Nes.

– Eg er for så vidt spent. Det vert ein litt annan kvardag. Det å sitte med hovudansvaret er noko anna. Samtidig er det positivt at eg har vore assisterande rektor, og kjenner både organisasjonen, tilsette og elevane, seier Eikås. Ho vert rektor for 352 elevar og 50 tilsette.

Første kvinnelege

Eikås blir den første faste kvinnelege rektoren ved skulen.

– Yesss, endelege damerektor, smiler Eikås, som sjølv begynte i klasse 1A ved Nordfjordeid skule i 1967.

No rykker ho opp frå stillinga som assisterande rektor. Ho har mellom anna bakgrunn som rådgivar for oppvekst i Eid kommune i fem år. Før det var ho rektor ved Stårheim skule i sju år, og har også jobba i fire år som lærar ved Nordfjordeid skule. Ho har med andre ord lang erfaring både som leiar, lærar og som rådgivar.

Betre uteområde

Ho har sine tankar om at sentrumsskulen sitt uteområde må gjerast noko med.

– Uteområdet er svært viktig at vi set fokus på. Det er ei større sak enn Nordfjordeid skule kan ta åleine. Ei oppgradering hadde vore fantastisk, men dette er eit for stort prosjekt for berre skulen. Det krev så mykje økonomi for å klare det. Her må vi ha eit løft frå Eid kommune, påpeikar ho. Eikås viser til at når det vert vått er delar av uteområde veldig gjørmete.

– Vi ser at grunnforholda på skuleområdet ikkje er gode nok, seier ho.

Tiltalande aktivitetar

– Det er viktig for skulen at uteområdet er tilpassa forskjellige aktivitetar. Det er ikkje alle som er interessert i å drive med ball, og vi treng meir tiltalande aktivitetar, seier ho.

Nyerektoren drøymer om multileikeapparat som kan gi aktivitetar for mange.

I dag er det årleg sett av 200.000 kroner til fordeling på alle skular og barnehagar i kommunen.

– Det monnar lite, for her på skulen må det til eit verkeleg løft, seier ho.

Stor sentrumsskule

Sentrumsskulen er stor, og har stadig tilflytting av elevar. Det er 25,14 elevar i snitt i klassene.

Fjordabladet har tidlegare skrive om at det er stort elevtal for dei som no skal opp i 4. klasse.

– På grunn av stort klassetrinn vert desse no flytta ned i den nye fløya, så 7. og 4. klasse vert der nede i lag, medan 6.-klassingane held fram i same fløy som 5. klasse, fortel ho.

Trygt og godt læringsmiljø

– Mobbing er eit tema vi verkeleg tek på alvor. Vi hadde seks saker i fjor haust, og ingen saker i vår. Det er viktig med førebygging, oppfølging og samtale. Vi jobbar mykje med miljøet på skulen og korleis vi skal vere mot kvarandre, seier ho.

Rektor viser også til at det i fjor kom nytt lovverk som gjeld alle skular, og at ein skal lage aktivitetsplanar når foreldre, skulen eller andre ser at det er ting som må takast tak i.

Vellykka fadderordning

Eikås er opptatt av fadderordninga, der dei eldre elevane blir kjent med dei mindre og føle dei bidrar, samtidig som dei små blir kjent med dei store.

– Vi har berre positivt å seie om fadderordninga. Målet er at det skal vere naturleg å vere i lag, på tvers av klassetrinn, meiner ho. Eikås viser til at barnehagebarna som skal begynne på skulen allereie har møtt sine fadrar.

– Vi meiner at om ein har elevar med variert alder på eit område så er det med på å motverke mobbing, seier ho.

– Og så handlar det om korleis vi er overfor kvarandre og korleis vi førebygg. Gode relasjonar er ei slags førebygging. Alle skal bli sett. Dette set også veldig krav til lærarane og alle og ein kvar, meiner nyerektoren. Ho er også opptatt av språkbruk, korleis vi kommuniserer og det å vere høfleg.

Mindre aktivitetar

Heim, skule og fritid heng saman, og rektor meiner skulen er avhengig av at foreldre også ser og veit kva som er riktig og viktig.

– Vi har alle eit stort ansvar, og godt samarbeid mellom skule og heim er heilt avgjerande. Vi må alle tenkje på barna sitt beste. Det handlar mykje om tryggleik, føreseielegheit og fast struktur. Ungane må få vere med å arbeide i heimen, ha litt plikter, vere med å dra lasset saman. Då lærer ungane tolmod, og å gjennomføre ein jobb som skal gjerast er også med på å motivere dei til vidare arbeid. Dette gir meistring og god sjølvkjensle, seier Eikås.

– I dag er vi litt stressa, fordi vi skal vere med på så mykje. Dei minste barna treng berre ein aktivitet å vere med på, toppen to. Om ikkje blir det for mykje stress over tid, påpeikar Eikås.

Fjellet lokkar ofte på henne, og ho stressar sjølv ned på fjelltur. Ho syklar til og frå jobb, spelar klarinett i Eid musikklag, og likar godt å reise – gjerne i sør-Europa, Italia og Hellas. Nyleg var ho til Kos i Hellas saman med mann, tre barn og barnebarn.

Leik og læring: Rektor Anne-Grete Eikås er opptatt av læring gjennom leik. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes