− Kvifor har du valt å flytte tilbake til Leikanger?

− Sakna bygda, og ville jobbe med noko anna. I Bergen var eg avdelingsleiar på Extra.

− Kva var mest avgjerande for flyttinga?

− Det var å prøve å finne ut kva eg skulle gjere vidare.

− Kva sakna du mest då du budde borte?

− Naturen, familien og roa ein finn her.

− Er det noko du brenn spesielt for på heimplassen?

− Synest det er kjekt å sjå vekst her på Stadlandet.

− Korleis er livet ditt om ti år?

− Eg veit ikkje eitt år fram i tid ein gong.

− Kva skulle du bli då du var 12/14?

− Det har alltid vore litt uvisst.

− Kva er det verste du veit?

− Det er edderkoppar og måsar.

− Kva er den største forskjellen på livet i Bergen og livet på Stadlandet?

− Her er det eit heilt anna miljø og ei anna ro. Folk er så hjelpsame og i møtekommande her på Stadt noko som gjev eit flott miljø.

− Kva har opptatt deg mest i det siste?

− No i sommarferien har eg vore på tre festivalar: Strandfestivalen, Stavernfestivalen og Malakoff.

− Kva synspunkt har du på den nye Stad kommune?

− Eg likar godt det nye namnet, men fryktar at det kan bli færre arbeidsplassar i kommunen.

− Kan du tenkje deg å engasjere deg i kommunepolitikken?

− Nei, eg har aldri sett meg inn i politikken.

− Kva synest du om jobbtilbodet her i distriktet?

− Tilbodet er greitt, og blir stadig betre.

− Er det noko du saknar i Nordfjord?

− Bensinstasjon i heimbygda.

− Kva hobbyar/fritidsinteresser har du?

− Likar å gå i fjellet og spele fotball. Prøvde nettopp skyting og, så eg blir nok å fortsetje med det.

− Kva råd har du til andre utflytta nordfjordingar?

− Er de lei av bymas, så veit de kvar de skal flytte. Føler at fleire og fleire vender heim.

− Kva synest du om nye Nordfjordeid?

− Nordfjordeid har utvikla seg bra, og er ein plass med mange tilbod no. At det blir fleire turistar er bra for handelen, men ikkje fullt like bra for miljøet.

− Kva er favorittseriane dine?

− Prison Break og Suits.

− Kva nyhendemedium brukar du?

− vg.no og følgjer fleire aviser på Instagram.

− Har du eit råd til kommunepolitikarane?

− Ha fokus på betre veg i Årsheimstranda og i utkantbygdene, slik at det blir tryggare å ferdast både for oss og turistane.

− Kvar gjekk årets ferieturar?

− Først til Gran Canaria i mars og så til Kreta i juni.

− Kva har du på nattbordet?

− Lampe og ei vekkarklokke.