Caen er ein by nord i Frankrike som ligg i regionen Normandie. Byen har over 120 000 innbyggjarar og kan samanliknast med Stavanger når det gjeld innbyggjartal. Caen, som ligg to timar frå Paris, er kjend for å vere ein studentby, og har mange internasjonale studentar. I august 2017 flytta Sigrid Myklebust til byen nord i Frankrike for å ta eit årsstudium i fransk gjennom NTNU.

– Det er litt kjekt, for byen er såpass liten at du går i gatene og kjenner igjen folk, men så er det akkurat stort nok at uansett kvar du går oppdagar du ein ny butikk eller kafé, fortel Sigrid og legg til at ho ved å flytte til Caen fekk sjå ein del av landet som ho kanskje aldri hadde kome på å reise til på ferie.

Alltid hatt lyst å bu i utlandet

For Sigrid som har vore i Frankrike med familien mange gongar og tok fransk på vidaregåande, starta interessa for Frankrike tidleg. Heilt sidan ho gjekk på barneskulen og læraren viste Sigrid Frankrike, har draumen vore å bu der i ei periode. Eit årsstudium frå august til juni i Frankrike var difor eit naturleg val.

– Det er vanskeleg å vete kva ein skal forvente når ein flyttar til eit nytt land, så eg visste ikkje kva eg gjekk til. Men eg er glad eg gjorde det. For ei oppleving det vart, smiler Sigrid.

Utfordrande med fransk

Årsstudiet i fransk vart undervist ved det fransk-norske senteret OFNEC i Caen. Studiet har tidlegare vore retta mot lærarar og lærarstudentar, men er no eit studie som alle kan søke på via Samordna opptak.

– Studiet er mykje meir tilgjengeleg enn tidlegare, noko som gjorde at det var mange nordmenn i klassa. Det var ei utfordring sidan ein er der for å lære fransk, men eg ville ikkje ha bytta det vekk, for eg fekk mange gode vennar, seier Sigrid.

Å flytte til Frankrike var utfordrande ettersom det var hardt å måtte snakke og forstå fransk frå starten av.

– Dei første tre månadane forstod eg ingenting. Det var veldig rart å sitte i eit klasserom og bli spurt av læraren og ikkje kunne svare. Eg tenkjer det er ei fin erfaring sidan eg sjølv skal bli lærar, seier Sigrid, som trudde ho skulle bli flytande i fransk.

– Når eit språk er så vakkert så eg har lyst å lære. Men det er også litt komplisert. Eg er ikkje flytande i fransk, men eg har lært ufatteleg mykje i forhold til der eg starta. Det vi lærte var eit fint grunnlag for å lære meir.

Historia står sterkt

Byen Caen som Sigrid flytta til, har ei rik historie som står svært sterkt hos innbyggjarane. Under andre verdskrig vart mesteparten av Caen øydelagt i kampane i 1944. Sjølv om deler av byen stod igjen, måtte mykje byggjast opp på ny. I Caen er det difor mange museum som tek for seg krigen og ikkje minst D-dag strendene, og innbyggjarane er svært opptekne av å markere og feire fridomen.

– Det var ei utruleg fin oppleving på slutten av året då eg var med på ein kjempeflott fredskonsert på Omaha Beach, som er ei av D-dag strendene. Det var ei stor scene og fleire tusen publikummarar. Bakveggen av scena var erstatta med gjennomsiktig plast så ein fekk havet, stranda og solnedgangen gjennom. Det var ei utruleg rar kjensle då vi feira fridomen, samtidig som vi såg ut over og visste kva som skjedde under krigen, mimrar Sigrid.

Opplevingar

Medan Sigrid var i Frankrike fekk ho oppleve ein stor del av Frankrike ettersom ho reiste til Lyon, Grenoble, Paris og stadar rundt om i Normandie. Ho var også på cidergard og fekk smake skikkeleg cider frå Normandie. Under opphaldet i Frankrike hadde Sigrid ein vertsfamilie og fekk dermed oppleve kulturen på nært hald, noko ho kjem til å sakne.

– Eg vart invitert på middag og då var det forrett, middag og dessert. Det eg kanskje kjem til å sakne mest er å stå opp klokka sju for å kjøpe bagett.

Sjølv om Sigrid har reist frå Frankrike, føler ho at det ikkje er ferdig enno. Det følgjer nemleg med mange moglegheiter etter eit år i utlandet.

– Eg hadde lyst å praktisere fransken litt meir i juni, og var til dømes tre veker i Sveits å jobba frivillig på ein av dei mest kjende jazzfestivalane. Då var eitt av krava at ein snakka fransk. Det året med fransk gjorde at eg fekk reist til ein fantastisk jazzfestival og gått på mange kjekke konsertar. Det kjekkaste var å vere med å feire 85 års dagen til Quincy Jones. Det heile var eit eventyr, og det er på grunn av det året med fransk, avsluttar Sigrid.

Sigrid reiste mykje rundt i Frankrike og var blant anna med på ei utflukt til Mont Michel i Normandie. Foto: Privat
Ifølgje Sigrid er Caen ein grøn og frodig by med nye opplevingar kvar dag. Foto: Privat
Sigrid fekk oppleve fredskonserten «Concert de Paix» på Omaha Beach i Normandie, som er ei av landgangsstrendene. Foto: Privat