I desse dagar går diskusjonane høgt om I løpet av sommaren har det vore mykje snakk om turistar som gjer sitt «fornødne» på plassar der ingen ønskjer det. Denne veka kom det endå eit innslag i denne debatten. No handla det om cruiseturistane som går i land i Olden ofte får fort eit problem om dei må på do. Køane til det eine offentlege toalettet i bygda blir ofte frustrerande lange, kunne NRK Sogn og Fjordane fortelje. Ein må vere rimeleg blåøygd om ein ikkje forstår, eller har forstått at n år det haglar på med over 150.000 cruiseturistar i året, så blir presset på toalettfasilitetane enormt når dei kjem i land. Det vert opplyst at enkelte besøkande prøver å løyse påtrengjande behov med å spørje om å få låne toalett i butikkane på staden.

Det store spørsmålet er kven som har ansvar for at kapasiteten på toalett rimar med besøkstal? Er det kommunen, eller er det aktørane som driv stor butikk innan turisme. Vi er ikkje i tvil om at mykje av ansvaret må kvile på den siste aktøren. Greitt at kommunane har eit ansvar for offentlege toalett, men det er ikkje kommunen sitt ansvar åleine. At dette er dårleg reklame for turistdestinasjonar er det ingen tvil om. Det heile handlar om at ting blir tilrettelagt ut frå dei behov ein ser melder seg.

Nest år kjem dei første cruiseskipa til Nordfjordeid. Då vil, får vi håpe, store mengder turistar fylle gatene på Nordfjordeid for å få med seg alt staden har å by på. Handle på butikkane, få seg nok å drike på utestadane, og besøke Eidsgata og Sagastad og gå Sagaløypa. Det er ikkje tvil om at Nordfjordeid har masse å by på, og som vil vere interessant for tilreisande. Spørsmålet som med ein gong melder seg, er om vår vesle stad er rusta slik at dei som besøkjer oss slepp å bruke dyrebar tid til å stå i toalettkø. Vi er i tvil. I dag er det ikkje akkurat overflod av offentlege toalett i tettstaden. Vi har forstått det slik at det blir toalett på terminalen der besøkande går i land, men ut over det er det nok eit meir eller mindre skrikande behov for meir toalett. Ønskjer vi at turistar og andre skal besøke oss må vere budde på det.