Namn: Eline Lund Johansen

Alder: Blir 27 år i oktober

Bustad: Ut på Lund

Husdyr: Mamma har ein katt og ei kanin

Yrke: Ny butikksjef hos Minibakeriet

Kva planar har du i sommar?

– Eg har veldig lyst på telttur, men det er meldt regn framover. Ein kan sjølvsagt telte i regn, men det er litt kjekkare når det er sol.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Vi har feriert mykje i Danmark ettersom familien min er derifrå. Sommarhus ferie i Danmark er undervurdert. Elles er det mange fine minner frå Malakoff.

Kva er di draumereise og kva tre personar ville du hatt med?

– Eg ville helst reist frå vingard til vingard i Italia. Ete mykje god mat og drikke. Vi er ein gjeng på fire, så då passar det å ta med dei tre andre i gjengen.

Korleis ser ein perfekt sommarkveld ut?

– Eg er litt bestemoraktig, og i Oslo blir eg faktisk kalla bestemor. Så det må vere ned i fjæra med noko godt i glaset.

Favorittmat/drikke om sommaren?

– Eg ete eigentleg alt. Kanskje ein lett salat og kombucha te.

Ditt beste tips til kva ein kan gjere på Eid i sommar?

– Det er veldig kjekt å spele volleyball i Sagaparken, og så er det nok fjell å ta av.

Har du nokre hobbyar?

– Handarbeid og så er eg veldig glad i å lese bøker. Hekling og lesing er slageren.

Kva er du flink til, og kva er du dårleg til?

– Eg føler eg er veldig flink til å ta vare på andre. Det eg ikkje er så god til er å høyre etter, men eg får alltid med meg det eg må og skal få med meg.

Beskriv deg sjølv med tre ord?

– Omsorgsfull, litt surrete og blid.

Er det noko du engasjerer deg for?

– Eg har litt å seie om alt, men eg har nok ikkje noko spesifikt eg legg sjela mi i.

Kven eller kva ville du tatt med deg til ei aude øy?

– Eg trur faktisk ikkje eg ville teke med meg nokon. Eg ville i staden teke med meg ei god bok og nytt det stille.

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær?

– Då ville eg ha kjøpt meg ein minivan og cruisa rundt. Det seier eg kvar gong eg speler bingo med besta.

Kva statsleiar/artist ville du ete middag med og kvifor?

– Eg ville ha ete middag med Kong Harald. Han verkar som ein fin og morosam fyr. Og så er han jo konge.

Kven vil du gje ein blome til?

– Akkurat no ville eg ha gjeve ein blome til mamma for ho har vore så flink og snill då eg flytta heim.

Kva syntest du om at Eid og Selje skal bli Stad kommune?

– Eg har eigentleg ikkje gjort meg opp ei meining sidan eg ikkje har budd heime. Så lenge dei får det til å fungere, så trur eg det blir bra.

Kva meiner du om Eid som cruisedestinasjon?

– Eg har jobba mange år i cruisebransjen, men har ingen meining sidan eg føler eg ikkje har lest nok om det, men alle har vel litt godt av turistar.

Kva er den beste sommarlåten 2018?

– Eg er eigentleg ein slik person som nyte det som er på radioen.

Draumeartist til Malakoff?

– Eg hadde blitt veldig nøgd med Melissa Horn og Sondre Justad. Eg var ikkje på Malakoff det året Sondre Justad var der, men eg har høyrt det var fantastisk.

Kva skal du lese i sommar/beste sommarbok?

– Heksen av Camilla Läckberg var kjempebra. Det må vere krim. Det er kjekt å sjå om ein klarer å løyse mordet.

Kvar kunne du tenkt deg å bu?

– Eg har funne drøymetomta på Lund. Det hadde vert fint å bu i Frankrike, men eg tykkjer det er koseleg på Lund.

Korleis ser framtida ut?

– Eg planlegg å vere her ei stund sidan eg akkurat har kome heim.

Les fleire sommarpratar her