Under ein tungtransport- og køyre-/kviletidskontroll på Kjøs kontrollstasjon torsdag ettermiddag og kveld vart 22 køyretøy kontrollerte. Det vart skrive ut ein mangellap for tekniske manglar. Tre bruksforbod under kjøringshinder og sikthindrande ting i frontrute. Ein førar fekk åtvaring for brot på køyre og kviletids regelverket, og ein førar vart meld for køyring utan førarrett for den klassa han køyrde.