Ikkje konkurranse

–Dette er ikkje ein konkurranse på linje med andre fjelløp, seier primus motor Jermund Myklebust.

–Vi går saman på ein tur som krev litt meir enn ein vanleg fjelltur. Men det er også lov å avbryte når ein sjølv har lyst til det. Frå kvar fjelltopp er det fullt mulig å gå rett ned att til startpunktet om ein ønskjer det, seier Myklebust som sjølv er godt kjend i desse fjella, og var den som drog det heile i gang for fem år sidan.

Denne fjellturen over fem fjell vart første gong arrangert rundt år 2000, då det var bygdedagar i Kjølsdalen. For fem år sidan fekk Myklebust idéen om å dra det heile i gang igjen.

–Vi har vel vore mellom ti og tjue personar på desse turane. Vi tek det ganske med ro og har pause på kvar fjelltopp, seier Jermund som peikar på at det skal vere ei sosial hending, samstundes som det skal få folk ut av godstolen.

–Det er ei oppfording til å vere fyskisk aktiv, seier han.

Besseggen light

Turen startar ved Dalesetra, og går først opp mot Svartevatnet. Deretter i retning mot Blåfjellet. Den første del av turen har også den mest mofattande stigninga. Seinare flatar det ut fram over dalen mot Vindfyllekollen. Den mest utfordrande delen blir etter Kvanndalseggja.

–Her går vi over eit smalt parti, der det er bratt ned på begge sider. Difor må vi ha bra vêr under turen. Det nyttar ikkje å gå på denne eggen om det er tjukk skodde, seier Myklebust.

–Det liknar på Besseggen ?

–Nei, ikkje så gale i det heile. Men ein må vite kvar ein skal gå. Det nyttar ikkje å gå feil her, seier han.

Turen går over desse fjella: Blåfjellet (948 m.o.h.), Kvanndalseggja (951 m.o.h.), Dua (794 m.o.h.), Staurdalseggja (787 m.o.h.) og Vindfyllekollen(710 m.o.h.).

Ut av godstolen: Jermund Myklebust seier at styrkeprøva er meint som eit puff til å kome seg ut på tur, samstundes som det skal vere sosialt.
Frå blåfjellet: Utsikt frå Blåfjellet mot Kjølsdalen.
Fjellvandring: Turen går i ei sløyfe frå fjell til fjell rundt inste del av Kjølsdalen.
Over skoggrensa: Først er det stigning oppover, seinare går resten av turen over skoggrensa.