Om vel ni månader kjem det første cruiseskipet til seawalken på Nordfjordeid. Det er Aida Perla som vil segle inn Eidsfjorden tidleg om morgonen 21. mai 2019.

Aida Perla har plass til 3286 passasjerar. Men i tonn er det eit av dei største cruiseskipa som har vore i fjordane på Nordvestlandet.

Skipet er på 125,500 bruttotonnasje, 300 meter langt og 37 meter breitt.

22 anløp

I løpet av sesongen vil det bli 22 anløp av cruiseskip til den nye cruisedestinasjonen Nordfjordeid. Det betyr om lag eitt cruiseskip i veka frå 21. mai til 20. september.

Miljøvenleg

Aida Perla utmerkar seg også med å vere eit meir miljøvenleg cruiseskip. Det betyr at all bruk av diesel blir slått av så lenge skipet ligg til seawalken. Då blir cruiseskipet sitt energibehov dekka av gass.