–Folk blir meir bevisste på å la mat ikkje gå i søpla, seier Eline Lund Johansen, butikksjef hos Minibakeriet. Saman med Circle K Eid og Sjøkanten Café er Minibakeriet med å redde mat gjennom appen Too Good To Go. Serveringsstadar og butikkar legg ut maten som er igjen på slutten av dagen på appen, og kundar kan kjøpe og hente maten til ein sterkt redusert pris.

–Målet er først og fremst å redusere talet på mat som blir kasta, fortel Anita Førde, leiar hos Sjøkanten Café, Devin Ignesias frå Circle K Eid og Johansen hos Minibakeriet.

Ifølgje dei tre er det folk i alle aldrar som nyttar seg av tilbodet, men dei som er mest aktive er dei mellom 16 og 30 år.

–Dei unge er nok litt meir på appar, så det er nok litt av grunnen.

Fokus på miljø

Ifølgje ei pressemelding frå Too Good To Go blir det berre i Norge kasta over 355.000 tonn med mat i året. Etterspurnaden etter grøne løysingar er større, og forbrukarane fokuserer meir på miljøet. Likevel kastar kvar nordmann over 42 kilo med mat i året. Dette er høge nummer når statistikken viser at ein av sju svelt rundt om i verda. For å redusere talet på matsvinn lanserte Sophie Wiik appen Too Good To Go i 2016 der serveringsstadar og butikkar kan hindre at fersk mat og daglegvarer med kort haldbarheit blir kasta i søpla. Gjennom appen blir det redda rundt 2700 måltid kvar dag. Frå Nordfjordeid har Sjøkanten Café, Minibakeriet, Circle K Eid fram til no redda over 400 matporsjonar frå søpla. Sjøkanten Café har redda 158 porsjonar, Circle K har redda 188 porsjonar, medan Minibakeriet har redda 93 porsjonar. Akkurat no har ikkje Minibakeriet det opp å køyre, men ifølgje Johansen skal det opp igjen snart.

Bra tiltak

–Vi tykkjer Too Good To Go er eit veldig bra tiltak, og folk kjøper meir enn gjerne mat til redusert pris mot slutten av dagen. Varene er framleis ferske, fortel Førde, Ignesias og Johansen.

Hos Minibakeriet, Sjøkanten Café og Circle K er det mest bakverk som brød, bollar, lefser og sandwichar som oftast blir lagt ut på appen, ettersom det er varer som held seg lengst. Alle tre er godt nøgde med å ha redda over 400 matporsjonar frå søpla, men dei oppfordrar også fleire kafear og restaurantar til å vere med å redusere matsvinnet.

–Det kan vere at mange er flinke til å lage akkurat så mykje mat som dei sel, men vi oppfordrar fleire kafear og restaurantar på Eid og rundt om i Nordfjord til å vere med på Too Good To Go.