I ei gransking av økonomien i dei 33 kommunane i Hordaland ser fylkesmann Lars Sponheim ein tydeleg tendens: Kommunar som skal slåast saman, har eit uforsvarleg høgt pengeforbruk, melder NRK.

– Fylkesmannen er uroleg. Problemet med utviklinga vi ser, er at dei nye samanslåtte kommunane vil få eit farleg høgt kostnadsnivå og høgt gjeldsnivå, seier Sponheim.

Undersøkinga har sin bakgrunn i at fleire kommunar vil bli slått saman frå 2019–2020. Talet på norske kommunar skal ned frå 428 til 356. Dei gamle kommunane tar då med seg gjelda si inn i den nye og større eininga dei blir ein del av. Slik vil den nye og større kommunen betene omkostningane ved investeringane den mindre kommunen gjer like før samanslåinga.

No erfarer Sponheim at det internasjonalt kjente fenomenet kalla ressursbrenning også gjer seg gjeldande i hans fylke.

Fleire av kommunane har fått tilsendt bekymringar frå fylkesmannen. Blant anna Ullensvang kommune, som med sine 3.500 innbyggjarar planlegg å bruke over 400 millionar kroner fram mot 2021.

Ordførar Solfrid Borge (Sp) tilbakeviser uroa til Sponheim og svarar at dette er investeringar som uansett ville blitt gjennomført.

– Eg er på langt nær så uroleg som det fylkesmann Lars Sponheim er, seier Borge.