–I løpet av dei dagane festivalen varte auka Coop Marknad på Reed omsetnaden med 157 prosent samanlikna med veka før. Det seier verkeleg sitt, seier administrerande direktør i Coop Vest, Geir Espe.

Smadra rekorden

At festivalen betyr mykje for den vesle lokalbutikken er ikkje nytt, og butikksjefen har tidlegare sagt at salet desse dagane er med på å få butikken til å gå rundt resten av året. Med 17 600 besøk på dei ulike arenaene rundt om i kommunen smadra Norsk Countrytreff i år den gamle publikumsrekorden. At ein vellukkafestival også betyr noko for næringslivet i den vesle kommunen gler festivalsjef Arve Kleppe.

– Det å skape noko for bygda vår er noko av drivkrafta bak festivalen. At nøringslivet då kan syne til så gode tal syns vi sjølvsagt er veldig kjekt.

Tala syner også at Coop butikkane i Breim (Reed, Byrkjelo og Bakar Jon) samla auka omsetnaden med 45 % under festivalen samanlikna med veka før. For Coop-verksemdene i heile Gloppen synder det ein auke på 33 prosent.

–Vi kan ikkje seie noko anna enn at det er fantastisk, seier Espe.

–Betyr mykje for oss

Norsk Countrytreff er ei privat stifting, som er eigd av fleire lokale lag og organisasjonar i Breim. Ein stor del av overskotet går tilbake til desse laga og organisasjonane. Ungdomslaga, Breimshallen og idrettslaget i bygda får mellom ana ein dugnadskompensasjon på 350 000 kroner i året frå festivalen, mot at dei stiller med mannskap føre, under og etter arrangementet.

–Når vi får slike tal på bordet så trur og håpar vi at det engasjerer folk til å bli med på dugnad og stille seg positive til festivalen både neste år og åra som kjem. Når folk står på gratis for oss døgnet rundt ei stund, men seier at det ikkje gjer noko å jobbe så mykje dugnad fordi dei ser kva ein får tilbake, ja då blir eg rett og slett glad, seier Kleppe.

Når festivalen blir sparka i gang i 2019 er det festival nummer 25, og det er allereie klart at Emmylou Harris blir det store trekkplasteret under festivalen som blir arrangert 11.-14. Juli 2019.